Hopp til innhold

Endra køyretrasé i Ålesund sentrum

På grunn av avvikling av ulike festivalar i Ålesund sentrum i juli og august, køyrer alle bybussar som brukar St. Olavs plass alternativ trasé i heile perioden frå laurdag 8. juli til og med søndag 27. august. Endringa gjeld linje 610, 611, 618 og 624. Desse bussane vil køyre ruta Kipervikgata, Korsatunnellen, Ålesund rådhus, Rutebilstasjonen. I same periode vil heller ikkje Dronning Sonjas plass vere betjent. Bussane vil i staden gå frå Ålesund rådhus.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL