Desse endene har lært seg trafikkreglane

Andeflokken i Volda er ikkje som andre ender. Dei tek trafikktryggleiken på høgste alvor.

I Volda sentrum har endene lært seg å gå på fotgjengarfeltet når dei skal krysse vegen. Foto: Roar Vikene.

– Det har liksom blitt ei greie i Volda dette, seier Roar Vikene, som fanga den spesielle hendinga på video.

Han har kontor midt i Volda sentrum, og har ofte sett dei tobeinte legge ut på tur over fotgjengarfeltet på den mykje trafikkerte E39 gjennom Volda.

– Det er eigentleg utruleg at det går så bra, men dei fleste bilistane har respekt for dei og stoppar opp, seier Vikene.

Videoen har fått mykje merksemd etter at han delte den på Facebook.

– Det har kome kommentarar på at endene i alle fall kan trafikkreglane, seier Vikene lattermild.

Den trafikkerte vegen ligg like ved elva og sjøen, og endene har tilhaldsstad ved elva. Flokken kan vere nokså stor når alle er samla.

Har fått tryggleiksopplæring.

Ornitolog Alv-Ottar Folkestad seier at ender kan vere flinke til å gjere seg nytte av lærdom og erfaring. Fugleeksperten har i mange år vore leiar av Norsk Ornitologisk foreining og har god kjennskap til åtferd blant fuglar.

Alv Ottar Folkestad

Alv-Ottar Folkestad er ornitolog.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Her har andeflokken lært seg at det er trygt å gå over. Erfaringa har flokken overført frå individ til individ, som ei slags felles kollektiv hukommelse. Endene også har godt fargesyn, og kan lett kjenne igjen dei kvite stripene som markerer fotgjengarfeltet, seier Folkestad.

Folkestad kjenner til liknande ande-vandringar, mellom anna i Stavanger, der flokkar med ender går til og frå Breiavatnet midt i sentrum.

– Desse vandringane i Stavanger har av og til fått politiekskorte, seier han.

Også tidlegare i desember blei det delt ein video av endene som kryssar vegen på Instagram:

View this post on Instagram

Laurdag var det julebord på Andaneset.

A post shared by Gløs Over Volda (@glosovervolda) on