NRK Meny
Normal

Tala frå Ålesund endeleg klare

Tysdag kveld klokka 20.23 vart dei endelege tala for Ålesund kommune offentleggjort. Kampen om posisjonar i bystyret er for alvor i gang.

Tore Hals

Bysekretær Tore Hals har sett ofte på klokka sidan vallokala stengde i går. Rot med mellom anna e-valet har ført til at resultatet frå Ålesund let vente på seg.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Høgre størst

Tala viser at Høgre er størst med 28 prosent av stemmene og 14 representantar. Ap har 23,3 prosent av stemmene og 12 representantar.

Høgre sit no i forhandlingsmøte der dei skal finne ut kven dei vil samarbeide med dei neste fire åra.

Eva Vinje Aurdal i Ap har tidlegare fridd til Høgre, men det er altså ikkje klart korleis maktposisjonane i bystyret blir fordelt.

LES: - Veldig skuffa og fortvila

Ungt bystyre

Det blir eit relativt ungt bystyre i Ålesund dei neste fire åra.

Fordelinga av mandat viser at Unge Høgre får inn 5 representantar i bystyret. Desse er:

  • Monica Molvær
  • Øystein Tvedt
  • Børge Wiig
  • Benedicte Elina Hurlen
  • Annette Rakvåg

Framstegspartiet fekk inn to ungdomsrepresentatar:

  • Erik Tørrissen
  • Kristin Tørrissen

Kristeleg folkeparti fekk inn ein ungdomsrepresentant:

  • Simon Molvær Grimstad

Arbeidarpartiet sin ungdomsrepresentant i bystyret:

  • Anna Kvalø

Venstre sin ungdomsrepresentant:

  • Steffen Falkevik