NRK Meny
Normal

Endeleg ny sentrumsskule i Volda

Øyra barneskule har lenge vore utdatert, og no går det mot bygging av ny sentrumsskule i Volda. – Behovet er prekært, seier rådmann Rune Sjurgard.

Øyra barneskule i Volda

Øyra barneskule i Volda.

Foto: Torger Havåg / NRK

Denne veka vart det utlyst anbod på ny skule, og etter planen skal bygginga starte til hausten. Kva det vil koste vil ikkje rådmannen seie sikkert, men han anslår at det vil kome på rundt 170–180 millionar kroner.

Det var tidlegare i år at ein teknisk rapport konkluderte med at Øyra Skule burde rives, og det burde byggast ny.

Rune Sjurgard

Rådmann i Volda, Rune Sjurgard

Foto: Torger Havåg / NRK

Som resultat av at Volda kommune frå 1. mars er ute av ROBEK-registeret, vert det større økonomisk handlerom.

– Det å kome ut av registeret er heilt nødvendig for denne investeringa, seier Sjurgard.

Betyr alt

Leiaren for foreldreutvalet ved Øyra Skule, Mounir El'Mourabit, er også glad for framdrifta.

– Det har alt å seie, fordi Øyra skule er nedsliten. Dette har over lengre tid vore krevjande for elevane, og sjølvsagt også for lærarane. Det er viktig for Volda Kommune at dette kjem på plass no.

Mounir El'Mourabit

Leiar i FAU, Mounir El'Mourabit

Foto: Torger Havåg / NRK

Er det kritisk for borna å gå på skulen slik den er no?

– Skulen, slik han står fram i dag, er ikkje optimal. Det vart tidlegare i år gjort ein gjennomgang av kommuneoverlegen. Føresetnaden for vidare drift, i hans plan, var at det skulle kome ny skule i løpet av 2017. Skulen er brukbar, men det er berre så vidt.

Usikker på kapasiteten

El'Mourabit stiller samtidig spørsmål ved kapasiteten til den nye skulen. Det vil verte plass til om lag 400 elevar ved skulen, og det er ikkje han sikker på er nok.

Sjurgard bekreftar at dette vil verte kapasiteten, og at det er noko dei må sjå på over tid.

– I første omgang vil det vere godt nok. Men vi ser jo på Volda som ei vekstkommune, så over tid må vi vurdere om skulen dekkjer den nødvendige kapasiteten.

Svært positivt

Også rektor ved Øyra Skule, Steinar Ose Velle, ser positivt på framgangen i saka.

– Det er sjølvsagt svært positivt at det no går mot bygging av ny skule. Både elevar og tilsette ser fram til betre tilhøve.