Hødd leia suverent 2-0 etter første omgang. Kampen enda 4-2 etter at bergensarane slapp til med to mål mot slutten av kampen. Sjølv om tempoet dabba av mot slutten var sigeren krystallklar etter 90 minutt på våt matte.
Kristoffer Tollås (Foto: Arne Flatin)
Toppscorar
Midtbanespelaren Kristoffer Tollås signerte tre av dei fire måla på Høddvoll i går kveld, medan angrepsspelaren Nils Ottar Sandø sto for det fjerde. Tollås ligg dermed på andreplass på toppscorarlista i 1.divisjon med fire mål etter femte runde. Daniel Nannskog frå Stabæk leier med seks scoringar.
Reknar med siger
Dette er den andre sigeren for Hødd i vår, etter tre tap. Søndag møter dei Pors på bortebane. Trenar Stig Monsen seier han framleis er optimist, og at han reknar med siger.