Hopp til innhold

Endeleg fekk Julie (16) møte superstjerna

Etter å ha venta i over eit halvt døgn på flyplassen, dukka endeleg Isac Elliot (14) opp og Julie Dahlen Børresen fekk ein etterlengta klem av ungjenteidolet frå Finland.

Julie Dahlen Børresen møter Isac Elliot

Han kom til slutt, Isac Elliot, og då tok han seg god tid til å helse på dei som hadde møtt opp for å få eit glimt av han. I alle fall dei som stod fremst i køa, slik som Julie Dahlen Børresen.

Foto: Jeanette Dahlen Børresen

– Det var sjølvsagt verdt all ventinga! strålar 16 år gamle Julie Dahlen Børresen frå Oslo.

Isac Elliot møter fansen

Det var ikkje enkelt for superstjerna Isac Elliot å kome seg ut av flyplassenterminalen på Vigra.

Foto: Helga Tunheim

Ho landa sjølv på Ålesund lufthamn Vigra klokka 08.45 fredag morgon, i tilfelle det store idolet hennar, Isac Elliot, skulle dukke opp. Og han kom til slutt. Klokka 23.45 steig den finske superstjerna i land på Vigra og møtte ein haug med skrikande fans.

– Det var kaotisk då han kom! Eg trur ikkje dei som jobbar på flyplassen er vande med så store stjerner.

Klem og kyss på kinnet

Julie Dahlen Børresen var nemleg ikkje den einaste som møtte opp tidleg på flyplassen på Vigra fredag i håp om å få eit glimt av han som blir kalla «Nordens Justin Bieber», 14 år gamle Isac Elliot.

Mange måtte gå skuffa derifrå fordi dei ikkje fekk møtt han skikkeleg, fortel Julie, men ho var tidleg ute og stod fremst i køa.

Då fekk ho både klem og kyss på kinnet frå den folkelege artisten.

– Isac Elliot var hyggjeleg som alltid. Eg fekk ein klem og han ønskte meg gratulerer med dagen!

Laster Twitter-innhold
Fans ventar på Isac Elliot

Ingen tvil om at det var nokon heilt spesielle som skulle kome ut gjennom døra frå ankomsthallen på Vigra.

Foto: Jeanette Dahlen Børresen

Vil opp på scena

Karrieren til Isac Elliot skaut fart då den første singelen hans, «New Way Home», gjekk til topps på dei finske hitlistene. Elliot har etter kvart fått høg stjernestatus blant norske ungjenter, og allereie då han var 13 år gammal spelte han i Oslo Spektrum.

Julie Dahlen Børretsen møter Isac Elliot

Isac Elliot delte ut kyss på kinnet til ei overlykkeleg Julie.

Foto: Jeanette Dahlen Børresen

Julie Dahlen Børresen har vore på konsert med Isac Elliot 16 gongar og har møtt han før, men det er like stort kvar gong.

Laurdag får ho med seg den 17 konserten. Då spelar nemleg Elliot på Sommerfesten på Giske.

– Det vart ikkje så mykje søvn i natt. Eg la meg klokka 02.00 og var oppe klokka 06.45.

Hylande fans følgjer Isac Elliot til bilen

Hylande fans følgjer Isac Elliot til bilen.

Foto: Helga Tunheim

Tidleg opp måtte ho nemleg dersom det skal vere håp om at ho får stå fremst blant publikum under Elliot-konserten på Giske i dag.

Alle jentene har ein draum om å kome opp på scena og ho håper ho blir den som får kome opp og danse med han når han skal framføre låta «First kiss».

– Då hadde alt vore komplett! Eg gler meg utruleg mykje, for eg har ikkje sett ein ordentleg konsert sidan desember.