Hopp til innhold

Endeleg betring for den 13 år gamle jenta

Den tyske 13 år gamle jenta som onsdag i førre veke blei redda etter ei kanoulukke, har fått tilstanden nedgradert frå «alvorleg». Det melder St. Olavs hospital.

Ulykke rauma 2

Det var svært dramatisk då ei 13 år gammal tysk jente blei funnen livlaus i elva Rauma onsdag 26. juni. Ho og systera (16) hadde ramla ut av ein oppblåsbar kano.

Foto: Øystein Talberg / Åndalsnes avis

Det var onsdag 26. juni at to unge tyske systrer fall ut av ein oppblåsbar kano på veg ned elva Rauma nær Trollveggen.

Den eldste systra, på 16 år, kom uskadd frå ulukka, men den yngste systra på 13 år blei dregen ned gjennom den brusande elva. Ho blei så funnen av Aslak Palmstrøm Augestad (20) og Endre Skiri (17).

Dei to unge gutane fekk jenta på land og byrja livreddande arbeid, før den unge jenta blei flogen til St. Olavs hospital i Trondheim.

Ulykke Rauma

Ambulansepersonell frakta vekk den 13 år gamle jenta.

Foto: Øystein Talberg / Åndalsnes avis

– Medan ambulansepersonell var på linja sprang Endre for å hente hjelp. Eg heldt på i 10-15 minutt med jenta åleine, sa Palmstrøm Augestad til NRK etter ulukka.

På tidspunktet var tilstanden svært alvorleg. 13-åringen pusta, men var medvitslaus då ho blei frakta til Trondheim.

Betra tilstand etter 10 dagar

Dagen etter ulukka var tilstanden alvorleg, men stabil for den unge jenta. Den 1. juli var tilstanden den same, melde St. Olavs hospital.

Før i dag fredag, 5. juli, 10 dagar etter ulukka melder sjukehuset i Trondheim at tilstanden har betra seg.

– Stabil og klar betring, melder St. Olavs klokka 14.30.

13-åringen ligg framleis på intensivavdelinga.

To kameratar er dei store heltane i Rauma etter at dei i dag redda ei livlaus jente opp av elva. Den tyske trettenåringen og søstera hennar velta i kano. Tilstanden til jenta er i kveld alvorleg, men stabil.

Det var 20 år gamle Aslak Palmstrøm Augestad og 17 år gamle Endre Skiri som heldigvis var på rett stad til rett tid. Dei fekk redda opp den 13 år gamle jenta og byrja livreddande arbeid.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no