Hopp til innhold

Emmy-pris til journalist frå Sykkylven

Det er ikkje kvar dag norske journalistar stikk av med ein Emmy-pris, men tv-journalist og vaktsjef Ann-Kristin Haram Maridal er eit unnatak.

Emmy-prisvinnarar

Ann-Kristin Haram Maridal, nr. fire frå venstre, og kollegaene hennar. Alle fekk Emmy-pris for glimrande journalistisk arbeid.

Foto: Natas NW

Ho har jobba ved nyheitstasjonen KOMO i Seattle i knappe tre år, og er både vaktsjef og journalist. På amerikansk blir det kalla "News Producer".

– Dette er så kjempekjekt! Eg er både glad og stolt, men det kjennest nesten uverkeleg for meg få ein Emmy-pris, kvitrar prisvinnaren på telefon frå Seattle.

Det var sist helg at Ann-Kristin Haram Maridal saman med kollegaer på same vaktlag, tok i mot den gjeve Emmy-statuetten.

Prisen gjekk til den beste nyheitssaka sendt på fjernsyn tidleg på dag.

Beste sending og nyheitssak

Ann-Kristin har jobba som journalist i USA i til saman 11 år, og har no ansvaret for morgonsendingane til kanalen i helgane. Elles i veka skriv ho kommentarane nyheitsankera skal lese opp, og ho skriv også kommentarane til om lag 25 tv-saker for dag.

To journalistar med Emmyprisar

Ann-Kristin Haram Maridal på podiet under prisutdelinga. Kollega Ryan Widdekind er med på vinnarlaget.

– Vi sende ei heil nyheitssending til Emmy-juryen. Der hadde vi spesielt fokus på eit nyheitsvarsel, breaking news, om ein stor brann i ein by nord for Seattle.

Brannen skjedde om natta i det historiske området av byen Bothell. 14–15 eldre forretningsbygg brann ned.

– Vi var først på staden, og sende derifrå heile morgonen og framover føremiddagen. Det var sterke inntrykk for mykje av sentrum blei øydelagt, og mange miste leverbrødet sitt. Heldigvis kom ingen til skade.

I grunngjevinga for prisen la Emmy-juryen vekt på både den tekniske og informative presentasjonen Ann-Kristin og kollegaene gjennomførte, og ikkje minst fekk dei skryt for måten historia om brannen blei fortalt på.

Eksteriørbilde av nyhetsstasjonen KOMO i Seattle

KOMO i Seattle er ein av svært mange tv-stasjonar i nordvest i USA.

Foto: KOMO

– Vi fekk også skryt for god samanheng mellom innslaga i sendinga. Den samla journalistikken vi leverte, inkludert nettsaka, blei det også lagt vekt på, fortel Ann-Kristin.

Fullsett sal

Med smil i stemma fortel ho om karriere-toppen ho opplevde gjennom tildelinga av prisen. Spent sat ho saman med dei ni andre på teamet bak den nominerte sendinga.

Salen var fullsett av festkledde folk. Vi var jo nominerte til pris, og var veldig spente der vi sat og venta og venta. Det var berre heilt fantastisk å bli ropt opp, entré scenen og få trofeet, seier ho.

Emmy-prisen dette gjeld, omfattar konkurranse mellom tv-stasjonar i alle dei nordvestlege statane i USA, Oregon, Washington, Alaska, Idaho og Montana. Nær 200 ulike nyheitstasjonar ligg i dette området, og svært mange av dei konkurrerte KOMO med.

Hektisk tempo

KOMO er ein rein nyheitsstasjon for TV, radio og nett. Dei har ni daglege lokale nyheitssendingar på til saman 7, 5 timar.

Journalisten frå Sykkylven har berre nattevakter på tv-stasjonen, og ho fortel om ein svært hektisk jobb i amerikansk tempo.

Portrett av kvinne i redaksjonslokale

Ann-Kristin Maridal ved desken til nyheitsstasjonen KOMO i Seattle.

Foto: KOMO

– Morgonnyheitene som eg er med å produserer gjennom heile natta, ber preg av høg energi, masse informasjon og berre siste nytt heile tida. Her er det ikkje tid til prat over kaffikoppar eller aviser, men reint fokus på det som skjer akkurat no, eller som skal til å skje, fortel prisvinnaren.

No føler ho at ho har nådd ein milepæl i livet med Emmy-prisen for glimrande journalistikk.

– Kanskje blir det ny karriere på deg no?

– Eg hadde aldri forventa å få ein slik pris. Men kven veit?

Uansett kjem ho til å bli i USA ei stund til, men planen er å flytte heim att til Noreg med tida.

– Akkurat no har eg det veldig bra. Så får vi ta det etter kvart, seier den nyslåtte Emmy-prisvinnaren frå Sykkylven, Ann-Kristin Haram Maridal.