Hopp til innhold

EM ryk for Simon (19)

Sprintaren Simon Rønsholm Sandvik er ute av EM-troppen grunna skade.

Simon Rønsholm Sandvik

TALENT: Skade øydelegg EM for sprintaren Simon Rønsholm Sandvik (19).

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Onsdag morgon var det klart at 19-åringen ikkje kan vere med til det som skulle verte hans første Europameisterskap.

- Ein kan ikkje styre tilfeldigheitene, men me kan styre det som skjer vidare no. Eg må berre ta det med ro og verte frisk, seier sprintaren.

Skulle ha tredje etappe

Moldensaren skada seg under eit fall på treninga tysdag kveld - ei veke før EM i Barcelona.

LES MEIR: Talent kan miste EM

LES MEIR: Her er Norges endelige tropp i EM

19-åringen sprang tredje etappe på treninga, og fall i vekslinga til Jaysuma Saidy Ndure.

- Jays er så kjapp at det er eit stort prosjekt berre å ta han igjen. Då eg skulle gi han pinnen bomma eg på handa hans, seier Rønsholm Sandvik.

- Trist

Etter fleire sterke løp den siste tida var Rønsholm Sandvik tildelt ein etappe på stafettlaget som skal springe 4 x 100 meter under EM i Barcelona.

LES MEIR: Moldensar slo sprintrekordar

- Dette er trist. Simon hadde ei av dei beste tidene på 100 meter i år, seier sportssjef Ronny Nilsen i Norges friidrettsforbund.

I tillegg til Simon Rønsholm Sandvik og Jaysuma Saidy Ndure, er Philip Bjørnå Berntsen, Christian S. Mogstad og Tormod H. Larsen tatt ut på landslaget.

- Berre 19 år

Men no er altså moldensaren ute.

Ifølgje legane kan strekken vere vekke om to - tre veker.

Rønsholm Sandvik tek det med fatning.

- Eg er jo berre 19 år, så eg har god tid på meg. Seinare ser eg sikkert dette som ein bagatell.