NRK Meny
Normal

Elveeigarlaget krev at fiskesperra blir opna

Lokale grunneigarar føler seg overkøyrt i fiskeesperre-saka. Dei meiner byggeprosessen starta i feil rekkefølgje, og ber om at feilen blir retta opp.

Laksesperre i elva

MÅ BLI OPNA: Fiskesperra i Driva har gitt utfordringar etter at den var ferdig. No peikar dei lokale grunneigarane på fleire problem. Sjø

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Bjørg Hoås

OVERKØYRT: Bjørg Hoås seier elveeigarlaget føler seg ignorert.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Her har dei jobba baklengs. Fangsthuset er ikkje klart, og sjøauren står der og ventar på å få gå opp i elva, seier Bjørg Hoås.

Ho er dagleg leiar i Driva elveeigarlag. Dei oppgitt over at ting ikkje er på plass, berre nokre dagar før den offisielle opningsseremonien.

Sjøauren blir taparen

Fiskesperra er laga for å halde laks med gyrosmitte unna vassdraget, for å på sikt bli kvitt parasitten. Men sperra stenger også elva for andre fisk.

Elveeigarlaget er særleg bekymra for dei spesielle stammane av sjøaure som har gyteplass i dei øvre delane av elva.

Planen var å bygge eit fangsthus for å samle sjøaure og sleppe den fri på oversida av fiskesperra. Dette huset er påbegynt, men ikkje ferdig. Noko Hoås er kritisk til.

– Det har ikkje vore ein god prosess. Vi har ikkje blitt involvert, og den lokale kunnskapen har blitt ignorert, seier ho.

Portrett av mann

IKKJE EIT PROBLEM: Jarle Steinkjer er prosjektleiar i Miljødirektoratet, som er byggherre for fiskesperra. Han trur ikkje dette er problematisk for sjøauren.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Miljødirektoratet meiner det ikkje er problematisk at fangsthuset ikkje er på plass.

– Bestanden av sjøaure har kome til eit så lågt nivå at vi ikkje ser det som eit problem at det blir opphoping av fisk på nedsida av sperra. I alle fall ikkje før i august, seier Jarle Steinkjer i Miljødirektoratet.

Det argumentet er det ikkje alle som likar. Egil Lund ber direktoratet lese seg opp på eigne lovar og reglar.

Egil Lund

OPPGITT: Egil Lund er biolog og har vore med på fleire prosjekt med fiskesperrer. Han trur sperra vil skade fisken.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Dei må ta vassforskrifta og naturmangfaldloven på alvor, og sørge for at sjøauren får gode vilkår, seier han.

– No er sjøauren sperra av frå gyteplassen sin, og kjem seg ikkje opp dit.

Fleire farar for fisken

Lund meiner også at sjølve rista som er brukt i fiskesperra er farleg for fiskebestanden, også etter fisken eventuelt blir sleppt oppover i vassdraget.

Det her liknar meir på ei filleteringsmaskin, enn det liknar på ei rist som skal ta vare på fisken

Egil Lund, biolog

Problema kjem når fisken skal ned igjen til havet og må passere fiskesperra. Han peiker spesielt på rista som er brukt i sperra. Den vil skade fisken, meiner han.

– Når det er lite vatn i elva vil fiskeungane dette ned på rista, miste skjel og skade seg. Det er ikkje god fiskevelferd, seier Lund.

Lund forklarer at fisken er spesielt skjør når den vandrar ut frå elva til havet.

– Når det er mykje vatn samlar det seg rusk på rista, der fisken vil sette seg fast. Då vil den bli liggande der, og så døyr den, konkluderer han.

Laksesperra i Driva da den ble montert

FARLEG RIST: Denne rista vil vere farleg for fisken som skal over, meiner Egil Lund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK