NRK Meny
Normal

Anita elskar maskørjobben

Aanita Jacobsen Marø (51) frå Ålesund har ansvaret for sminke og parykkar under suksessforestilinga Annie på Folketeatret i Oslo.

Anita Jacobsen Marø (51) frå Ålesund har ansvaret for sminke og parykkar under suksessforestilinga Annie på Folketeatret i Oslo.

Anita Jacobsen Marø forklarer her kva jobben hennar som maskør under Annie i Oslo går ut på!

Med jamne mellomrom set Anita seg i Fiaten sin og køyrer dei 60 mila frå Ålesund til Oslo.

På Grünerløkka har ho eit lite krypinn, men på kveldstid er ho travelt oppteken med å legge forholda best muleg til rette for skodespelarane som tek del i "Annie" på Folketeatret midt i Oslo sentrum.

Frisør og sminkør

Heime i Ålesund har ho sin eigen frisørsalong. I tillegg tek ho på seg oppdrag når det er teaterframsyningar i heimbyen, men av og til får ho sjansen til noko større. Som på Annie no i Oslo. Ei forestiling som skal gå ei stund til, ut i desember.

Vi møter henne ein formiddag når det er stille i teatret. Vi går opp mange trapper og finn nokre bakdører i nokre korridorar før vi til slutt står framfor døra der maskøren held til. Ein maskør tek seg av både sminke og parykkar til teaterframsyningar får vi vite, og Anita elskar jobben sin.

Anita saman med Annie

Anita saman med Annie og fotograf John Andresen på sminkeromet.

Foto: Privat

Rett bak scena

Etter ei runde på sminke- og parykkromet får vi audiens opp til scena. Nokre av skodespelarane og ein produksjonsleiar er på plass for å diskutere nokre detaljar, men for det meste er det stille på denne tida av døgnet.

Under forestilingane derimot er dett svært hektisk og Anita har då sin eigen stad på scena berre fem meter bak der det verkeleg skjer. Når det er kostymeskifte må ho vere kjapt på plass for å hjelpe skodespelarane med viktige detaljar. Antrekk og sminke skal endrast undervegs.

Suksessteater

Annie har vore ein suksess i Oslo i haust og handlar om barneheimsjenta som prøver å flykte. Teaterframsyninga varer i 2 timar og 30 minutt, så det er intensivt når det står på, også for maskøren.

Folketeatret, den store salen

Annie går her på Folketeatret i den store salen.

Forestillinga om Annie hadde urpremiere på Broadway i 1977 og har sidan blitt filmatisert, både i 1982 og 1999. Handlinga er lagt til 1930-talet i USA. Annie har blitt sett opp fleire gonger tidlegare, med stor suksess, blant anna i 1991 på Bryggeteateret med Maria Haukaas Storeng og Jannike Øinæs i hovudrollene.

Og både publikum og kritikarar har vorte begeistra for denne familiemusikalen. VG og Dagbladet har begge kasta terningen til 5, medan Mona Levin i Aftenposten har karakteristert dette som "ukuelig og uimotståelig optimisme".