Hopp til innhold

Over 1500 strauk Else-May Botten frå lista

Det var førstekandidaten til Arbeidarpartiet, Else-May Botten, som vart stroken flest gongar av listetoppane i Møre og Romsdal. Sylvi Listhaug (Frp) hadde 525 strykingar.

Else-May Botten

Else-May Botten (Ap) meiner at toppkandidatar på lista må rekne med å ta den største belastninga dersom velgarane er misnøgde.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Ved Stortingvalet var det mogleg å gjere to endringar på stemmesetelen. Ein kunne stryke kandidatar eller endre rekkjefølga på lista. For at strykinga skal påverke kven som kjem inn på Stortinget, krevst det at halvparten av veljarane i fylket som har stemt på partiet, stryk kandidaten.

I dag er dei endelege tala frå valet i Møre og Romsdal klare. Dei viser at Else-May Botten toppar lista over strykingar. 1541 veljarar har stroke henne frå Arbeidarpartiet si liste. Andrekandidat Fredric Holen Bjørdal har 646 strykingar.

Arbeidarpartiet fekk totalt 31 358 stemmer i Møre og Romsdal.

Skuldar på sjukehussaka

Trond Vestre, politisk kommentator i NRK, trur at grunnen til at så mange strauk Else-May Botten, i stor grad handlar om sjukehussaka.

– Eg trur at folk i Kristiansund og på Nordmøre som stemmer Ap, ikkje har ynskt henne på grunn av sjukehussaka, seier Vestre. Botten har gitt si støtte til det nye fellessjukehuset på Hjelset, medan fleire i Kristiansund framleis kjempar for at dette vedtaket skal bli omgjort.

Vestre trur også at folk på Sunnmøre har stroke Botten fordi dei fryktar at det nye fellessjukehuset på Hjelset, kan gå utover tilbodet i Ålesund.

– Strykingane viser at det er ei viss misnøye med hennar kandidatur, men ein hadde kanskje venta at det skulle vere endå fleire enn det faktisk er, fordi sakene er så betente, seier Vestre.

Låg del av stemmene

Else-May Botten tar strykingane med knusande ro. Ho seier at det var berre ein liten del av stemmene og at ein toppkandidat må rekne med å ta den største belastninga.

– Det har vore nokre saker som har vakt sterke kjensler og når det har blitt gitt anbefalingar om å stryke meg, så har det iallefall ikkje slått kraftig ut, seier Botten. Ho var letta når ho såg at talet på strykingar ikkje var høgare.

Over 500 strauk Listhaug

525 veljarar strauk Sylvi Listhaug frå Frp si liste, medan Jon Georg Dale hadde 334 strykingar. På Høgre si liste vart Helge Orten stroken 700 gongar. Jenny Klinge frå Senterpartiet hadde 409 strykingar.

Mandatfordeling i Møre og Romsdal

Antall mandater med endring fra stortingsvalget i 2013

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04

Rødt

0 mandater
Ingen endring siden 2013

Sosialistisk Venstreparti

0 mandater
Ingen endring siden 2013

Arbeiderpartiet

2 mandater
Ingen endring siden 2013

Senterpartiet

1 mandater
Ingen endring siden 2013

Miljøpartiet De Grønne

0 mandater
Ingen endring siden 2013

Kristelig Folkeparti

1 mandater
Ingen endring siden 2013

Venstre

0 mandater
1 ned fra 2013

Høyre

3 mandater
1 opp fra 2013

Fremskrittspartiet

2 mandater
Ingen endring siden 2013

Stortingsrepresentanter i Møre og Romsdal

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04
  1. Helge Orten
    57 år, Høyre
  2. Sylvi ListhaugNY
    46 år, Fremskrittspartiet
  3. Else-May Botten
    50 år, Arbeiderpartiet
  4. Jenny Klinge
    48 år, Senterpartiet
  5. Marianne SynnesNY
    53 år, Høyre
  6. Jon Georg DaleNY
    39 år, Fremskrittspartiet
  7. Fredric Holen Bjørdal
    34 år, Arbeiderpartiet
  8. Vetle Wang SoleimNY
    24 år, Høyre
  9. Utjevningsmandat
    Steinar ReitenNY
    60 år, Kristelig Folkeparti

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL