Hopp til innhold

– Vi har store ønskje for landet vårt

Else-May Botten markerte seg som ung LO-kjempar i Møre og Romsdal på slutten av 90-talet og i ein tiårsperiode. Etter ein periode på Stortinget er ho klar førstekandidat for Arbeidarpartiet.

Else May Botten
Foto: Terje Reite / NRK

Else-May Botten har fått god trening i å gå i korridorane på Stortinget. Ho er kanskje ikkje den som har aller lengst veg frå Stortinget til kontoret sitt, men det kan ikkje mangle mykje på det. Ho er ei av dei som har fast arbeidsplass eitt kvartal unna Stortinget, og som går den underjordiske tunnelen når ho skal til Stortingssalen.

Det er eit stort ansvar å stå på topp.

Else-May Botten

No står ho på førsteplass på Arbeidarpartiet si stortingsvalliste. Ho er med andre ord sikra plass på Stortinget i fire nye år.

Det er eit stort ansvar å stå på førsteplass. Og vi skal ha inn tre representantar. Vi ser at det er innanfor rekkjevidd. Vi skal vere det største partiet i Møre og Romsdal også denne gongen, seier ho med overtyding i røysta.

Else-May Botten

Else-May Botten under debatten om Aasta Hansteenutbygginga på slutten av vårsesjonen i Stortinget. Dette var ei av dei viktigaste sakene for politikarane frå Møre og Romsdal mot slutten av denne fireårsperioden.

Foto: NRK

– Vi skal vere i front

Else-May Botten smiler stort og ser oppriktig stolt ut når ho pratar om det regjeringa hennar har kome med den siste perioden. Ho pratar seg varm om næringspolitikk, om satsing på reiseliv og ikkje minst om satsingar på samferdsle og leia langs kysten.

Vi skal ta Noreg vidare.

Else-May Botten

– Vi har sett oss store politisk mål, og vi ser no at dette resulterer i konkret politikk. På 20 år skal vi gjennomføre omfattande planar med ferjefri E39. Samstundes skal vi byggje verdas største sjøtunnel gjennom Stad. Dette er skikkeleg tøft, men vi skal vere i front og vi vil ta Noreg vidare, seier ho.

Vedtok Aasta Hansteen-utbygginga

Det var ein stor dag for Else-May Botten då ho som leiar for Mørebenken var med på å feire vedtaket om utbygging av Aasta Hansteen-utbygginga. Her er ho saman med Torgeir Dahl (H), olje og energiminister Ola Borten Moe (Sp), ordførar i Aukra Bernhard Riksfjord og Alf Reistad frå Knutepunkt Nyhamna.

Foto: Terje Reite / NRK

– Orden i økonomien

Ho har ikkje stor tru på at slitasjen ved å vere i regjeringsposisjon skal svekkje oppslutnaden om Arbeidarpartiet. Ho kan gå med på at menneske generelt sett ofte ønskjer seg noko nytt, men ho trur ikkje at fleirtalet i Noreg vil ha nokon annan politikk enn det som blir ført av dagens raudgrøne regjering.

Eg trur folk framleis vil ha politikken vår. Nokre vil kanskje bytte ut fjesa, smilar ho. Nei, eg trur folk skjønar kven dei bør stemme på om dei vil ha vår politikk. No skal vi ut i valkampen og vise folk kva vi vil, seier Botten.

Men kan det bli noko traust og kjedeleg med same politikken heile tida?

– Vel, nei, eg trur ikkje det. Eg brukar å seie at vi skal ha trygge budsjett i dette landet for at folk skal kunne leve spennande liv, seier ho, og held fram med å forklare samanhengen mellom vår private økonomi og Noreg sitt konkurranseforhold til resten av verda. Det er viktig for kvar einskild sitt liv at vi held orden i nasjonen sin økonomi, seier ho.

– Engasjerte meg i ungdomsgarantien

Else-May Botten kom ikkje inn i politikken som partipolitikar. Ho engasjerte seg i LO, og blei ungdomssekretær i fagorganisasjonen.

Nei, eg var nok ikkje med i AUF då eg gjekk på vidaregåande. Men eg engasjerte meg i arbeidet for ungdomsgarantien på slutten av 90-talet. Denne skulle garantere ungdom arbeid, utdanning eller tiltak. Denne saka greip meg politisk, eg sette meg grundig inn i saka og jobba vidare med denne saka i Fylkestinget.

– Var spent og hadde feber

Ho har eit spesielt minne om akkurat denne saka og arbeidet med saka på Fylkestinget. For det var med denne saka ho debuterte med på talarstolen i fylkestinget.

Det var første innlegget mitt på fylkestinget. Det var ikkje berre det at eg var spent, men eg hadde feber også. Men saka fekk gehør og det blei ein kjempeopptur. Dette enda opp i ungdomsprosjektet UNG i Møre og Romsdal, eit prosjekt som har vore viktig for ungdommen i heimfylket, fortel ho.

LO-MIDDAG

Som stortingsrepresentant og sentralstyremedlem er Else-May Botten med på mange arrangement. Her er ho på den årlege LO-middagen, i samtale med statsminister Jens Stoltenberg.

Foto: Falch, Knut / NTB scanpix

– Syng meir enn gjerne

Mange kjenner også Else-May Botten som songar og musikar. Ho har gått på musikklina på Atlanten vidaregåande skule i Kristiansund, og ho har sjølv arbeidd som musikklærar.

Ja, eg kan godt finne på å synge i forskjellige samanhengar, også innan Arbeidarpartiet. Det er ikkje lenge sidan eg song på landsstyremøtet, og det har vel blitt litt på fylkesårsmøte også, skrattar ho.

Og ho avslører også at dei har sitt eige band i Stortingsgruppa til Arbeidarpartiet. Der er Else-May Botten ein av frontfigurane.

Vi kallar oss «Jens Helgas», seier ho og flirer breitt. Det er eit skikkeleg partitru band. Vi opptrer på sommarfestar og slike interne samanhengar, fortel ho.

Stortingsmiddag slottet

Slik ser Else-May Botten ut i galla. Her er ho til venstre, med biskop Ole Christian Kvarme og Gundvor Eldegard på veg til stortingsmiddag på Slottet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Høyrt om «gravid sjømann»?

Telefonen kimar. Denne gongen må ho svare. Det viser seg at telefonen er frå NRK. Botten skal nemleg delta i ein debatt i radiostudio. Sjømannslova skal endrast, og der er det foreslått å gjerne yrkestittelen «sjømann». Dette har fått mange til å reagere.

Eg støttar overgangen til kjønnsnøytrale yrkestitlar, sjølv om det kan høyrest uvant ut med ein gong. Men det er no ganske rart slik det er i dag, å måtte snakke om «gravide sjømenn», fastslår ho med eit smil. Vi må kunne henge med i svingane og ikkje henge att i omgrep frå fortida, seier ho.

– Lange arbeidsdagar

Else-May Botten er den politikartypen som brukar mykje tid i lokala til Stortinget. Ho kjem gjerne på jobb i 8.30-tida og er «på huset» ofte fram til klokka er 23.00 om kvelden.

Det er slik eg arbeider når eg er her. Og så passar eg på å legge inn ei treningsøkt av og til. Eg er kjempeglad for at vi har treningsstudio i kjellaren her, fortel ho.

– Stå opp for psykisk sjuke

Sjølv om det er i næringskomiteen Else-May Botten sit, har ho også engasjert seg i helsespørsmål, og særleg når det gjeld oppfølginga av psykisk sjuke. Ho har personlege opplevingar som gjer at ho har blitt ekstra engasjert i dette.

Ein ven av meg var plaga med angst. Eg blei så fortvila sjølv også, og det blei eit så tydeleg bilete på kor viktig dette området er. Her er det eit stort forbetringspotensial når det gjeld førebygging, seier Else-May Botten.

– Ingen går i fakkeltog for dei

Ho opplevde kampen som vennen førte for å få hjelp på nært hald. Ho karakteriserer denne tida som tøff og fortvilande.

Å betre situasjonen for dei som slit psykisk er kjempeviktig. Men så er det også noko med at dette er ei gruppe som ingen går i fakkeltog for. Her er det framleis mykje ugjort, seier ho.

– Både tolmodig og utolmodig

Else-May Botten har fått seg ein posisjon i Arbeidarpartiet. Dermed er ho ei av dei som får gjennomslag gjennom sitt eige parti, og inn i arbeidet på Stortinget. Framfor landsmøtet var ho også med i programkomiteen til Arbeidarpartiet.

Eg la ein plan for kva saker eg ville ha gjennomslag for, og gjekk for det. Det er viktig å plukke ut sakene, og ikkje føre alle kampane heile tida. Og eg prøver alltid å vere godt førebudd, seier ho.

– Det er dette som er oppskrifta på å få gjennomslag?

– Ja, det gjeld å vere både tolmodig og utolmodig på same tid. I nokre saker må du rekne med at ting tek tid. Men så gjeld det å vere offensiv på dei viktige sakene, seier ho.

– Og no er du også i sentralstyret i partiet ...

Ja, denne tilliten skal eg ta på alvor. Også her gjeld det å gripe moglegheita og jobbe knallhardt, seier ho med overtyding i røysta.

– Næringsliv med miljøløysingar

Else-May Botten pratar meir enn gjerne om kva Arbeidarpartiet og den raudgrøne regjeringa har oppnådd dei siste fire åra. Ho snakkar om utfordringane for eksportindustrien, om dei 24 handelsavtalane som er underskrivne med andre land den siste fireårsperioden, om oljen og fastlandsøkonomien, om olje og fisk, om dei maritime næringane og innovasjon.

Den maritime næringa er også pådrivarar for å utvikle seg i meir miljøvenleg retning. Sjå på reiarlag som Olympic og Eidesvik, som tek i bruk gass som drivstoff og set høge miljøstandardar, seier ho. Ulstein har kome med dei innovative X-bow løysingane på skipa og straks kan det vere klart for ferjer som går med batteri. Det skjer ting heile tida ting som vi politikarane må skape gode rammevilkår for, seier ho.

Det er valkamp og valdagen nærmar seg. Ho vil gjerne ha med seg både Fredric Holen Bjørdal og Tove-Lise Torve på Stortinget dei komande fire åra.

Vi har store ønskje for landet vårt, seier ho og gjer seg klar til å stå på stand og å overtyde veljarane om kva politikk som er det rette for landet.