NRK Meny
Normal

Elnesvågen - Molde 0 - 6

Molde hadde full kontroll mot tredjedivisjonslaget Elnesvågen i første runde i fotball-NM.

I første omgang scora Molde ved Jose Mota, Aksel Berget Skjølsvik og Christian Steen.

I andre omgang: Brian Waltrip, Mame Biram Diouf og Kristoffer P. Vatshaug.

Over 1700 såg kampen på Elnesvågen stadion i finevêret.

Gåvmild sponsor

Elnesvågen var sikra 30 000 kroner i sponsorpengar frå hjørnesteinsbedrifta Hustadmarmor i Elnesvågen same korleis resultatet vart. Scora dei fire eller fleire mål, ville dei få 10 000 kroner for kvar scoring, også om det skjedde i straffesparkkonkurranse. No må fræningane nøye seg med 30 000, men det er også verdt å ta med seg.

Personalsjef Harald Natvig seier til Romsdals Budstikke at det ikkje skal bli nokon vane å sponse lag for å score mot MFK, som Hustadmarmor også sponsar!

Andre lag i 1. runde NM

Dei andre kampane med lag frå Møre og Romsdal i 1. cuprunden blir spelt måndag 12. mai kl. 1800:

Førde - Aalesund

Valder - Hødd

Averøykameratene - Kristiansund

Langevåg - Skarbøvik