Hopp til innhold

Elliot-fans om konserten: – Kjempegøy

Det var mange unge jenter som fekk oppfylt draumen sin om å sjå Isac Elliot live på Sommerfesten på Giske laurdag. Tre av dei kan ikkje få nok av idolet.

Isac Elliot på Sommerfesten på Giske med fans

SJÅ SAKA: Isac Elliot spelte på Giske.

– Eg synest han var heilt fantastisk i dag. Eg byrja å grine, eg var heilt mållaus, seier Cathrine Aasestrand Solbak med ei hås stemme.

Saman med ho står to ivrige fans av den finske songaren Isac Elliot.

Elliot-konsert på Sommerfesten på Giske

TETTPAKKA: Det var kamp om dei fremste plassane under konserten.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det var kjempegøy. Det var første konserten sidan desember, så det var veldig bra å få sjå Isac ordentleg igjen, seier Julie Dahlen Børresen som er ein av dei meir ivrige i fanskaren til den 14 år gamle songaren.

Ho har sett artisten opptre 16 gongar før, og var ein av dei som venta i fleire timar på Isac Elliot på flyplassen, då han kom til Vigra kvelden før konserten.

– Ser ei utvikling

Isac Elliot vart for alvor populær då den første singelen hans «New Way Home» gjekk til topps på dei finske hitlistene, og songaren har etter kvart fått mange norske ungjenter som tilhengjarar.

Julie Dahlen Børresen og Liv Malin Skodje etter konserten

STORE SMIL: Julie Dahlen Børresen og Liv Malin Skodje hadde store smil etter konserten med Isac Elliot.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Dei tre som har fått med seg konserten på Giske på laurdag, har vore på mange konsertar med idolet sitt før.

– Det var kjempebra! Etter kvar konsert merkar me utviklinga, og eg synest det er veldig gøy å vera på konsertane, seier Liv Malin Skodje.

Kva er det som er så bra med han då?

– Han syng bra live og han er hyggeleg mot fansen og tar bilete med dei sjølv om han kanskje har dårleg tid, seier ho.

Knuste telefonen

Cathrine Aasestrand Solbak har møtt Isac Elliot rundt ti gonger før, og ho er einig med venninna i kor bra han er som artist.

Cathrine Aasestrand Solbak

SUPERFAN: Cathrine Aasestrand Solbak var kjempenøgd etter konserten, trass i at ho knuste telefonen sin.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Han er heilt fantastisk! Han er så flink, og han har så mykje humor på scenen. Eg trur aldri eg kjem til å slutte å høyre på han, seier ho.

Sjølv om ho klarte å knuse telefonen sin under konserten var ikkje det noko nederlag.

– Eg blei litt lei meg først, men så tok han tok telefonen min opp på scenen, og filma med den og slikt, så det gjer ikkje så mykje no, seier Cathrine.

Ikkje ferdig enno

Sjølv om konserten er ferdig og det er mange andre artistar som spelar på Sommarfesten på Giske, så er dei tre jentene ikkje så opptatt av det.

– No har me tenkt oss til hotellet der Isac bur for å prøve å møte han, seier Liv Malin.

Isac Elliot møter fansen

TAR SEG TID: Isac Elliot tar seg tid til fansen. Her frå då han kom fram på flyplassen på Vigra.

Foto: Helga Tunheim

Dei veit godt kvar han bur, ved hjelp foreldra til den eine av dei tre. Kvelden før, då Isac Elliot kom til flyplassen på Vigra, køyrde nemleg ein av dei tre jentene etter bilen til idolet.

Trur du de får møtt han då?

– For å vera heilt ærleg, så trur eg det, seier Liv Malin.

SJÅ OGSÅ:

Det er Elliot-hysteri i Møre og Romsdal. Fansen møtte den 14 år gamle songstjerna på flyplassen i går, dei har stått i kø i dag, og snart byrjar konserten på Sommerfesten på Giske. Dei er klare.

SJÅ SAKA: Cathrine Aasestrand Solbak er mellom dei mange som ventar på at Isac Elliot skal gå på scenen.

SJÅ OGSÅ:

Flere unge jenter møtte tidlig opp på Vigra fredag i håp om å få et glimt, og i beste fall en skikkelig god klem, fra idolet deres - Isac Elliot.

SJÅ INTERVJU: Julie ventar på Isac Elliot på Vigra.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL