Hopp til innhold

Ellen må betale vegavgift for avskilta bil

Bilskilta til Ellen Myrene vart levert inn på Ørsta trafikkstasjon i 2013, og ho trudde at bilen dermed var avregistrert. Der tok ho feil. I to år etterpå har ho måtte betalt vegavgift for bilen.

Ellen Myrene

Ellen Myrene er frustrert over å måtte betale årsavgift for ein gamal bil som ikkje er på vegen. Skilta vart levert inn i 2013, men Ørsta trafikkstasjon meiner dei ikkje har motteke skilta.

Foto: Nicolay Woldsdal

Då Ellen Myrene kjøpte seg ny bil, ville ho avskilte gamlebilen. Planen var at ein kjenning skulle pusse opp bilen og bruke eit par år på arbeidet. Hobbybilmekanikaren leverte inn skilta i skranken på Ørsta trafikkstasjon i oktober 2013.

Nokre månader seinare fekk Myrene krav frå Tolldirektoratet om å betale årsavgift for bilen. Læraren tenkte at det berre var ein feil og betalte ikkje rekninga sidan skilta var levert inn og bilen ikkje var på vegen. Ho fekk purringar og vart truga med avskilting.

– Eg vart ganske paff, seier Myrene.

Ellen Myrene

Då Ellen Myrene fekk inkassovarsel på årsavgifta, forstod ho at noko var gale.

Foto: Nicolay Woldsdal

Inkassovarsel

I september 2014 fekk ho inkassovarsel. Ho ringde til Tollvesenet og spurte kvifor dei sende henne rekningar når skiltet var innlevert. Der fekk ho til svar at i deira system var bilen framleis registrert.

Ho tok kontakt med trafikkstasjonen i Ørsta og fekk til svar at dei ikkje kunne sjå at dei hadde tatt imot skilta, men at dersom dei likevel hadde gjort det, var skilta makulert.

– Eg er skikkeleg frustrert, men det er jo ikkje noko sak du tar advokat på, seier Myrene.

Kamp for å få att pengane

Myrene kunne ikkje gjere noko anna enn å betale årsavgift og håpe på å få att pengane seinare. For å gi henne pengar tilbake, kravde Tollvesenet at Ørsta trafikkstasjon sende dokumentasjon på innleveringa.

– I det handskrivne brevet frå trafikkstasjonen står det at eg påstår å ha levert inn skilta, men at dei ikkje kunne sjå at det var gjort, seier Myrene oppgitt.

No har Tollvesenet konkludert med at sunnmørskvinna må betale avgift både for 2014 og 2015.

Melde skiltet tapt

Jan- Erik Myhr

Jan-Erik Myhr meiner at Voldakvinna bør melde skilta tapte, for å unngå å måtte betale fleire årsavgifter.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Når skilta blir levert inn, anten gjennom ei luke i veggen eller i skranken, blir dette i etterkant registrert manuelt i ei bok og i eit datasystem. Det seier Jan- Erik Myhr, som er seksjonsleiar ved Trafikkstasjonen i Møre og Romsdal. I Ellen Myrene sitt tilfelle er ingenting registrert.

Er systemet godt nok?

– Det kan ein stille spørsmål ved. Folk bør takke ja til kvittering, seier Myhr. Han oppmodar kvinna til å melde skilta tapt. Då slepp ho å betale avgift neste år.