Hopp til innhold

– Det er nok ingen leiar i FN som er ute i felten meir enn meg

ÅLESUND (NRK): Elizabeth Hoff, jordmora frå Ålesund, som leiar det krevjande naudhjelpsarbeidet i FN-organisasjonen WHO i Syria, har sagt ja til å halde fram arbeidet. Ho går dermed inn i det sjette året som FN-koordinator i det krigsherja landet.

Elizabeth Hoff besøker mann på sjukehus i Homs

Elizabeth Hoff besøkjer ein mann som får dialysebehandling på eit sjukehus i byen Homs i Syria i årsskiftet mellom 2015 og 2016.

Foto: WHO

Denne helga er Elizabeth Hoff heime i Ålesund. Dermed får ho nokre døgn i ein heilt annan røyndom enn den ho opplever til dagleg i det krigsherja Syria.

Eg merkar det best på den måten at eg søv godt om nettene når eg er her. Her er det ingen ting å uroe seg for, seier Hoff til NRK.

Elizabeth Hoff har arbeidd for WHO i over 20 år. Ho har tidlegare arbeidd både i hovudkvarteret i Genève og i Zimbabwe. No leiar ho det som er blitt kalla det vanskelegaste naudhjelpsarbeidet i verda.

– Eg har vore redd mange gonger. Og eg har sett mange tragiske ting ute i felten. Ein kan ikkje beskytte seg mot mange av dei einskildskjebnane ein møter. Dermed blir det både gråt og sterke kjensler, seier ho.

Elizabeth Hoff

I dag er Elizabeth Hoff heime i Ålesund. – Her er det ingen ting å uroe seg for, seier Hoff til NRK.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I Syria legg ho til rette for at medisinar og medisinsk hjelp skal nå fram til såra og krigstrøytte syrarar. Dermed dreg ho stadig dit kampane står på som verst.

– Ein del av jobben min går føre seg på kontoret i Damaskus. Men det er nok ikkje nokon annan leiar i FN som er så mykje ute i felten som det eg er, seier ho.

Og ute i felten er det spesielt éi gruppe som gjer sterkt inntrykk på henne.

– Det er heilt klart barna. Dei er uskuldige offer for dette. Dette er sterke opplevingar.

Ingen i FN-systemet har vore lenger i Syria enn Elizabeth Hoff. No byrjar ho på det sjette året.

– Eg føler ei glede når hjelpa kjem fram, og eg ser korleis spesielt barn og kvinner, men også menn, set pris på at vi er der, støttar dei og høyrer på dei. Vi kjempar for dei.

Elizabeth Hoff

Her orienterer Elizabeth Hoff internasjonal presse om situasjonen i Syria. Biletet er teke under ein pressekonferanse i Genève.

Foto: Salvatore Di Nolfi / AP

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL