NRK Meny
Normal

Årets første elg er felt

Elgjakta er i gang, og i Rindalsskogen blei årets fyrste elg felt denne onsdagen.

Felte elg i rindal - paul lilleløkken

Stolt gjeng med Paul Lilleløkken og dagens bytte i front – sjølvaste skogens konge.

Foto: John Storholt

Jon Lilleløkken

Jon Lilleløkken har gått på jakt sidan han var tenåring.

Foto: John Johnsen Storholt

Jakta handlar ikkje berre om fangsten, men å klare å vente til den rette augneblinken. Jon Lilleløkken frå Rindal har vore med på elgjakta i ei årrekkje, og veit godt at geværet heng på skuldra store delar av jaget.

– Vi har sete mange timar på post, og spenninga er der heile tida trass i mykje venting.

Mykje tid på post

Onsdag samla jaktlaget seg på Haugen på Rindalsskogen. Seks mann og ein hund var klare for den etterlengta elgjakta. Joralf Fjellet fortel at han observerte elg for eit par dagar sidan, og var i god tru før jaget starta.

No er årets første fangst i boks, men sjølv om vidare fangsten ikkje er garantert har jaktlaget det ordentleg fint likevel.

– Det er topp når ein høyrer over radiosambandet at elgen er i nærleiken. Då håper vi at vi får eit lite glimt av han, seier Fjellet og legg til at det ikkje er så verst å sete på post i skikkeleg finvêr.

Store delar av dagen gjekk med til å sete i mosen på posten «Bjønnhølet».

Viss du har tenkt deg på jakt i år bør du pakke med deg niste, varme klede og ein heil del tolemot.

Elgjakta er i full gang på Rindalsskogen. Sjølv om jakt kan innebere mykje spenning er det sjeldan ein faktisk løyser skot. Foto: John Johnsen Storholt/Redigering: Nils-Atle Sundnes

Jaktveteran

Lilleløkken har vore jeger på Rindalsskogen i 57 år, og dei sat mykje på post før i tida også. Men i dag var han nøgd med jaget sjølv om dei ikkje fekk med seg dyr heim.

– Vi såg bra med dyr. Vi såg blant anna ei stor ku med to kalvar, men dei var ikkje mogleg å ta, seier den spreke pensjonisten.

Elgjakt Rindal på post

Det var nære på at jaktlaget fekk med seg dyr heim, men store delar av tida blei brukt på post med bålbrenning og prat.

Foto: John Johnsen Storholt