Hopp til innhold

Kristiansund hentar storscorar frå nyopprykka konkurrent

Jean Alassane Mendy. Det er mannen Kristiansund håper vil score mål etter mål i 1. divisjon 2013.

Geir Bakke

Kristiansund-trenar Geir Bakke har starta oppkøyringa mot neste års 1. divisjon. No har han sikra seg toppscoraren til Elverum, Jean Alassane Mendy.

Foto: Roar Halten / NRK

Fotballsatsinga er stor i Kristiansund, etter at opprykket til 1. divisjon endeleg blei sikra.

No har klubben forsterka laget med ein 22-åring frå Senegal.

25 mål for Elverum

Kristiansund er eitt av fire lag som er klare for 1. divisjon. Dei tre andre er Vard Haugesund, Follo og Elverum.

No har KBK henta storscoraren til ein av dei nyopprykka konkurrentane.

Jean Alassane Mendy er spiss, og kom til Elverum før årets sesong. 22-åringen kom til Elverum frå bergensklubben Løv-Ham.

Han har no skrive under på ein toårskontrakt med Kristiansund, noko klubben stadfesta på deira Twitter-profil tysdag.

Mendy har erfaring frå 1. divisjon i Løv-Ham, og imponerte i årets sesong med heile 27 scoringar. Ingen i 2. divisjon, Adeccoligaen eller Tippeligaen har vore meir målfarleg.

I tillegg til Kristiansund skal mellom andre Ham Kam ha vore interesserte i Mendy. Han har tidlegare vore på prøvespel i Brann og Sarpsborg 08.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL