Elevar og barnehagebarn i karantene etter koronasmitte i Sula

Fire personar har i dag fått påvist korona i Sula på Sunnmøre. Den eine personen jobbar i barnehage. No er to barnehageavdelingar stengt. Også skuleelevar er sett i karantene.

Langevåg

Fleire titals personar er sett i karantene etter smitteutbrot i Sula.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Denne veka har fem nye personar testa positivt på Covid-19 viruset i sunnmørskommunen. Fire av dei var allereie i karantene og fekk testresultata i dag. Det er mistanke om at alle er smitta av same kjelde. Den eine personen jobbar i ein barnehage.

– Det betyr at vi har sett både tilsette og barn i avdelinga der vedkomande jobbar i karantene, seier kommunelege Marianne Kolsvik Bjerkevåg.

Over 40 personar i Sula er i karantene.

Fleire har symptom

I tillegg er fleire titals personar i midlertidig karantene. Grunnen er at i husstanden til den eine som er smitta, har også andre familiemedlemmar fått symptom.

I påvente av testresultata har kommunen valt å sette to skuleklassar og endå ei barnehageavdeling ved ein annan barnehage i midlertidig karantene.

– Vi har valt å karantenesette breitt for sikkerheits skuld, seier Bjerkevåg. Dersom testane er negative blir karantenen oppheva i helga.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka.

Har ikkje funne smittekjelde

Kommunen driv no med smitteoppsporing. Dei har ikkje funne smittekjelda til dei fem tilfella. Sula kommune har til saman hatt 11 smitta. Dei første seks er friskmelde.

Er foreldre i skule og barnehage bekymra?

– Dei fleste tar det roleg, men det er sjølvsagt ein del spørsmål. Vi prøver å svare så godt vi kan, seier Bjerkevåg.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 07.07.2020
8936
Smittet
9
Innlagt
251
Døde