NRK Meny
Normal

Elendige treningsforhold til Finnmarksløpet

Eline (19) skal vere med i sitt aller første Finnmarksløp, men snø når ho trenar kan ho kike langt etter.

Eline Stette Tennfjord

TRENING: Mykje trening må til om ein skal delta på sjølvaste Finnmarksløpet. 19-åringen Eline Stette Tennfjord fortel at sporten har gitt ho ein stor meistringsfølelse.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Det skvett frå store søyler i vegbana når Eline Stette Tennfjord trenar med hundane på fjellet i Skodje på Sunnmøre.

Klar for hundekøyring på fjellet i Skodje

Ein får eit sterkt samhald når man jobbar så mykje i lag med hundane.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Når ho står bak på firhjulingen bak hundane på veg opp mot Steinsetsætra det femte gongen denne veka. Det einaste som har stoppa ho frå trening den siste tida er is på bakken. Men snø, det har ho hatt lite av så langt i sesongen.

Finnmarksløpet for første gong

Dette er første gong 19-åringen deltek på Finnmarksløpet over nyttår. Ho skal begi seg utpå 500 km distanse.

Eline Stette Tennfjord

Eline Stette Tennfjord gleder seg til å oppleve Finnmarksnaturen og å sjå nordlyset under Finnmarksløpet.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Eg veit ikkje heilt kva eg gir meg ut på, men gleda meg veldig til å sjå viddene, nordlyset og teste grensene mine ute i Finnmarksnaturen, fortel ho.

– Då eg var lita jente drøymde eg om å ha mange hundar, men eg ante ikkje då at det var hundekøyring som skulle bli den store lidenskapen. Då eg fekk vere med på Femundløpet junior første gong var det gjort, seier Tennfjord.

No har ho køyrt Femundløpet junior tre gongar, og tidlegare i år var ho med på Femundløpet langdistanse for første gong.

Ikkje lett å trene på Sunnmøre

– Kva synest du om treningsforholda her oppe på fjellet?

– Dei er veldig dårlege. Når været er så ustabil er det ikkje ideelt. Det er mange som synest det er merkeleg å trene hund på Sunnmøre. Men eg liker no å bu her.

Ho kan ikkje fått rost foreldra nok for alt dei har hjelpt ho med opp gjennom åra. Sterke band gjer det vanskeleg å flytte.

– Eg kunne tenke meg å bu på Røros, men det er så langt heimanfrå og kanskje litt vanskelegare med jobb der.

Sterkt samhald med hundane

Tennfjord beskriv sporten med entusiasme. Sporten som har gitt ho meistringsfølelse og dyra som har blitt hennar vener for livet.

– Det er eigentleg ein merkeleg hobby. Stå i timevis bak ein slede og kike på hunderomper. Frys gjer du og, seier Tennfjord.

Hundar

15 hundar av type Alaska Husky skal hjelpe 19-åringen med å gjennomføre Finnmarksløpet.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Men det er verdt det når du ser at du får til hundane, og du ser at dei kjem gjennom skitvær utan problem. Da blir du så stolt og det gir deg ein voldsom meistringsfølelse. Og så får du eit veldig godt samhald med hundane.

– Mange naturopplevingar med denne sporten. Av og til er det full fart og action og andre tider langdrygt. Eg er så roleg når eg kjem heim, så det er nesten som terapi, seier ho