NRK Meny
Normal

Elendig avling for fruktbøndene

Hos mange av produsentane på Vestlandet er avlingane berre halvparten så store som i eit normalår. For fruktdyrkar Signe Brenna på Linge gjekk det verst utover plommene og morellane.

Signe Brenna

Det har vore ein fin haust på Sunnmøre og det har gjort at epla til Signe Brenna klarte seg. Avlinga vart likevel berre halvparten av eit normalår.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Store, freistande eple heng framleis på trea til fruktbonde Signe Brenna på Linge i Valldal. Vanlegvis er epla for lengst hausta inn når kalenderen viser midt i oktober, men i år tok det sjeldan lang tid å få dei modne.

– Epla klarte seg og vart modne i år fordi vi fekk den fine hausten, seier Brenna.

Dårleg avling

For henne er epleavlinga halvert i år, og endå verre gjekk det med morellane og plommene. Med temperaturar på mellom seks og åtte grader vart det vanskeleg med fruktknytinga og dette førte til at berre 30 prosent av avlinga vart noko av.

Brenna er ikkje åleine. Over heile Vestlandet har den kalde våren og sommaren gitt dårlege avlingar.

Eple på Linge

Det som heng att på trea til Signe Brenna kan folk kome og plukke.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Opnar for sjølvplukk

Fruktlagera melder om langt større etterspørsel enn tilbod på norsk frukt. Men prisane kompenserer ikkje for tapt avling.

– Ein vert ikkje rik av å dyrke frukt, men det er fint å vere i hagen. Det var ein som sa at dersom ein ikkje har psyke til eit slikt år, må ein berre slutte, seier Brenna.

Medan kvaliteten på frukta på Linge stort sett er bra, er det ein del fruktdyrkarar som let mesteparten gå til saftproduksjon fordi fukt og kulde har gjort frukta stygg.

For Brenna er eplehaustinga slutt når denne arbeidsdagen er over. Det som heng att no er til sjølvplukk for dei som er interesserte i det