Hopp til innhold

Her er elektrikaren som er blant dei beste i motbakkar

Johan Bugge frå Eidsvåg er nøgd med 23.-plassen i motbakkeløpet i Italia i dag. No satsar han på siger i neste løp.

OSLOS BRATTESTE 2012

Johan Bugge satsar på siger i neste motbakkeløp som er Oslos bratteste. Søndag vart han nummer 23 i Italia.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

59 minutt og 40 sekund brukte Johan Bugge frå Eidsvåg i Romsdal på dei 1100 metra rett opp i fjellsida i VM i Cassetta di Massa i Italia. Det plasserte 23-åringen på ein 23. plass av 157.

– Eg var nær å kome på topp 20. lista. Det gjekk ikkje, men eg er nøgd likevel, fortel Bugge.

LES OGSÅ:

Han er best på korte distansar, men trefte bra med farta og rytmen oppover det bratte fjellet. Å springe ein time er krevjande og dagens løp er eit av dei beste han har gjort på lengre distansar.

Utdanna elektrikar

23-åringen jobbar på heiltid som elektrikar ved Elmo teknikk i Molde. Trass mykje jobb får han tid til ni treningsøkter i veka. Fire i helgene og ei økt kvar dag etter jobb. Han ynskjer å auke treningsmengda og har fått avtale om å få meir fri før han skal springe motbakkeløp.

Skal vinne

Om to veker er det motbakkeløpet Oslos brattaste som står for tur. Det løpet har han vunne dei to siste åra.

– Då er det berre siger som gjeld, seier Bugge.

Å drive med idrett på heiltid har han ingen planar om. Motbakkeløp spring han fordi det er artig. Tysdag er han tilbake i elektrikarjobben.