Hopp til innhold

Eldsjeler bergar kulturskattar

120 små og store bygningar på fjellgardane langs Storfjorden på Sunnmøre er berga. I dag rundar Storfjordens Venner 40 år.

Ytste Skotet i Storfjorden

Yste Skotet i Stordal er den einaste fjellgarden Storfjordens Venner eig. Her er mykje restaureringarbeid lagt ned gjennom mange år.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Organisasjonen Storfjordens Venner med sine vel 1000 medlemmer, er noko for seg sjølv i det norske kulturlandskapet.

Sidan stiftinga 12. juli 1975 har heile landet og utlandet med fått augo opp for det unike arbeidet dei har gjort for å berge fjellgardar som stod til nedfalls.

Matvika i Sunnylvsfjorden

Matvika i Sunnylvsfjorden der våningshuset var ferdig restaurert av foreininga i fjord haust.

Foto: Storfjordens Venner

– Det er ein stolt organisasjon som rundar år i dag. Vi er ein viltal 40-åring med masse jarn i elden,og er på ingen måte ved vegs ende, slår administrasjonsleiar Merete Løvoll Rønneberg fast på jubileumsdagen.

Margrete Løvoll Rønneberg

Margrete Løvoll Rønneberg administrerar arbeidet til Storfjordens Venner og er stolt over det dei har fått til gjennom 40 år.

Foto: Privat

Knakande viktig arbeid

20 millionar kroner og titusenvis med dugnadstimar seinare, kan ein slå fast at dei har berga uerstattlege kulturskattar som elles ville ha gått tapt. Det gjeld gardar i fleire kommunar; Stranda, Norddal, Sykkylven, Ørskog, Stordal og Skodje.

– Det er faktisk eit knakande viktig arbeid vi har gjort, seier Løvoll Rønneberg, og kan nesten ikkje fatte at dei har klart å berge så mykje som dei har gjort.

Dronninga på Skageflå

Dronning Sonja er ei av mange som set pris på at gardar langs Geirangerfjorden og Storfjorden elles, er berga for ettertida. Her besøkjer ho Skageflå.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

120 bygningar er altså berga. Det skjer takke vere frivillige med kunnskap om gamle byggemåtar, syn for materialval, respekt for tradisjonen, kulturarven og dei som ein gong bygde opp gardane som heng så høgt over Storfjorden.

Det har vore ein gedigen frivillig innsats frå ende til anna, og i dag kan vi trygt vere stole over det som er gjort, seier Løvoll Rønneberg.

Bruk gir godt vern

Beste måten å ta vare på gamalt kulturarv, er at han blir brukt, meiner Storfjordens Venner. Mangel på husdyr som beitar i skog og mark, er ei utfordring.

Brukar vi ikkje landskapet, ferdselsårene, stiane og naturen gror det fort att rundt oss. Slik sett er restaureringsarbeidet vårt også eit ledd i kampen mot attgroing, meiner Merete Løvoll Rønneberg.

Matvika i Sunnylvsfjorden

Matvika i Sunnylvsfjorden der våningshuset var ferdig restaurert av foreininga i fjord haust.

Foto: Storfjordens Venner

Folk oppsøker gardane som aldri før. Nytt av året er at Storfjordens venner arrangerer fellesturar ein gong i månaden til gardar og tun dei har restaurert.

– Det er så populært at vi har måtta sett bregrensing på kor mange vi kan ta med i gongen, smiler Løvoll Rønneberg.

Vatnar røtene

Organisasjonen er overtydd om at arbeidet deira har ført til større bevisstgjering om verdiane i gamle bygningar og levevis i det eldre bondesamfunnet.

– Det har skjedd ein snuoperasjon sidan starten i 1975. Frå å vere noko mange ikkje såg eller akta på, er gardane og landskapet omgjort til kulturskattar for folk flest. Dei ser at dei må takast vare på for det har med identitet og røter å gjere, meiner Løvoll Rønneberg.

Samtidig er ho samd i at historia også er ein balansegang mellom å grave seg ned i det gamle og samtdiga.

Husmannsplassen Kurlå ved Hellesylt

HUsmannsplassen Kurlå ved Hellesylt er den første husmannsplassen organisasjonen vil berge.

Foto: Storfjordens Venner

– Vi må ikkje gløyme historia vi står midt i, men vere ein pådrivar til vidare utvikling, meiner ho.

Etter at mange gardsbygg er berga, står no husmannsplassane for tur for Storfjordens Venner.

I jubileumsåret er istandsetjinga av husmannsplassen Kurå ved Hellesylt den største oppgåva.