Hopp til innhold

Eldrerådet fryktar forskjelar

Eldrerådet ønskjer gratis tryggleiksalarmar for dei eldre i fylket.

Trygghetsalarm

På grunn av ulike prisar rundt om i fylket har Eldrerådet no bede om ei oversikt frå alle kommunane.

Leiar Rikard Olsvik fryktar at høge prisar fører til at enkelte ikkje har råd til å skaffe seg tryggleiksalarm.

- Svært alvorleg

Rikard Olsvik seier det er svært alvorleg om nokon ikkje kan skaffe seg alarmen på grunn av for høg pris.

Aller helst vil han at alarmen skal vere gratis for alle som treng den.

På grunn av prisskilnadene rundt om i fylket har Eldrerådet no bedt om ei oversikt frå alle kommunane i Møre og Romsdal.

Deretter vil dei gå til kvar einskild kommune med ei klar oppmoding.