Hopp til innhold

Etterlyser svar om fjerde dose til eldre

Eldreombodet fryktar eldre skal isolere seg på nytt om det ikkje snart kjem ei avgjerd om fjerde vaksinedose mot korona.

Bente Lund Jacobsen

Eldreombud Bente Lund Jacobsen meiner eldre må få vite om dei er trygge med tre doser, eller treng nummer fire, slik at dei kan planlegge påske og sommar.

Foto: Jonas Otneim / NRK

– Svært mange eldre nordmenn kunne snart ha fått fjerde dosen med koronavaksine dersom dei budde i Sverige. No må også norske styresmakter snarast avgjere om eldre i Noreg skal få den fjerde vaksinen, seier eldreombod Bente Lund Jacobsen.

– Treng å vite

Eldreombodet meiner smittefrykt alt har skapt for mykje sosial isolasjon blant eldre, og at styresmaktene må gjere alt for å unngå at dei isolerer seg igjen.

Ombodet slår fast at svenske styresmakter tilbyr fjerde dose til alle over 80 år, og at britar over 75 år får tilbodet om fjerde dosen no i vår.

– Eldre i Noreg må få vite kvifor dei blir behandla ulikt frå svenskane og britane. Styresmaktene må også gi eldre langt tydelegare informasjon om kor trygge dei no er med tre dosar i kroppen, og kor lenge dei er trygge. Det treng eldre å vite når dei skal legge planar for sosialt samvær i påska og månadane som kjem, seier Lund Jacobsen.

Les også Amandus (17) bekymra for å smitte besteforeldra når samfunnet opnar igjen

Amandus Tømmerdal

– Må informere betre i år

Helse- og omsorgsdepartementet seier at FHI skal svare på faglege spørsmål knytt til vaksinasjonsråda og kor lenge vaksinane varer.

Regjeringa har følgt FHIs vaksineråd. Dersom Folkehelseinstituttet skulle anbefale ein fjerde dose til eldre, vil vi vurdere eit slikt tilbod. Alle eldre og risikoutsette har fått tilbod om tredje dose, og så langt har dei fleste takka ja til dette. Med tre dosar har ein svært god vern mot alvorleg sjukdom, skriv departementet i ein e-post.

Folkehelseinstituttet (FHI) seier at dei ikkje har levert anbefaling om fjerde dosen til eldre enno, men at dei jobbar med saka og kjem med informasjon om ikkje alt for lang tid.

Eldreombodet meiner at det hastar, og seier dei også i fjor blei kontakta av eldre som sakna informasjon om når dei ville få tredjedosen.

– Det gjorde eldre utrygge, og må ikkje få gjenta seg no. I år er det avgjerande at styremaktene informerer betre om kor beskytta eldre er, og om dei vil få ei fjerde dose, seier Bente Lund Jacobsen.

BioNTech-Pfizer vaksine

Folkehelseinstituttet (FHI) seier at dei ikkje har levert anbefaling om fjerde dosen til eldre enno, men at dei jobbar med saka og kjem med informasjon om ikkje alt for lang tid.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL