Eldre menn har rent ned Coop-butikk etter pengefunn

Det har nok aldri vore snakka så mykje om Coop i Tjørvåg som etter at dei fann ein diger bunke med 500-lappar på butikkgolvet.

Eva Måløy, butikksjef ved Coop Tjørvåg

Eva Måløy, butikksjef ved Coop i Tjørvåg, håper at dei klarer å finne mannen som mista den digre pengebunken i butikken deira.

Foto: Privat

Onsdag ettermiddag var ein eldre kar innom Coop-butikken i Tjørvåg. Butikksjef Eva Måløy syns å huske at han kjøpte ein pakke fiskekaker med ein 500-lapp.

Like etter fann dei tilsette ein bunke med pengar rett nedanfor kassa. Måløy vil ikkje avsløre kor mykje det er snakk om – men ho fortel at det dreier seg om ein stor sum.

Ingen sakna pengebunken

Eva Måløy, butikksjef ved Coop Tjørvåg

Måløy seier at mannen var sunnmøring og var kledd i ei mørk jakke og six-pence.

Foto: Privat

Ein skulle tru at ein tjukk bunke med 500-lappar kom til å bli sakna. Men så langt har dei ikkje funne eigaren. Dei siste to dagane har eldre menn rent ned butikken i håp om å bli litt rikare.

Men dei tilsette huskar godt korleis mannen ser ut – så dei let seg ikkje lure av eldre menn som ønskjer å fylle lommeboka.

Slik ser pengemannen ut

Mannen som mista pengane hadde på seg ei mørk jakke og six-pence-lue, og snakka rullande sunnmøringsdialekt. Måløy trur ho har sett han før, og tippar at han er 70 år eller eldre. Ho håper at nokon veit kven dette kan vere slik at han får igjen pengane sine.

Sidan onsdag har fleire aviser slått opp etterlysinga. Men hittil ingen hell.

– Eg syns det er merkeleg at vi ikkje har fått inn tips om kven det kan vere. Det er forferdeleg leitt, seier butikksjefen.

Torsdag la butikken ut ei melding på Facebook-sida si for å etterlyse den uheldige mannen. Men ingen hell der heller trass i at over 8000 har sett innlegget. Viss det er nokon som kjenner til han oppmodar Måløy folk til å ta kontakt med enten dei eller politiet.

Skjermdump Facebook Coop Tjørvåg

Coop-butikken la ut ei melding på Facebook-sida si for å etterlyse mannen som har mist pengane sine.

Foto: Skjermdump