Eldre menn elskar kunsten til Martin

NTNU-studenten frå Ålesund har lange dagar.

Fulle dagar med det som kan finansiere ein draum.

«Eg har alltid likt å teikne bilar, så prøvde eg å måle for to år sidan. Då tenkte eg at dette må eg halde fram med. »

Martin Bakkebø

«Eg blir heilt oppslukt. Kan sitte 10 timar i strekk. Det er litt galskap, men tida går fort når ein held på med noko ein likar.»

Martin Bakkebø

Martin har alltid vore interessert i bil. Hobbyen er å mekke. Men no er skiftenøkkel bytta ut med pensel.

Etter kvart byrja han i det små med å legge ut bilde av det han måla på Instagram.

Det var lurt.

No er målinga altoppslukande for studenten.

Bestillingane renn inn.

Draumen kan bli ein realitet med hardt arbeid.

Han har truffe ein marknad der kundane er ekstremt bilinteresserte.

Det er få som målar bilar.

Martin veit berre om éin. Han bur i Spania.

«Det er gjerne eldre menn som vil ha bilde av bilen sin. Dei vil ofte henge måleriet på soverommet, men det har eg høyrt dei ikkje får lov til. »

Martin Bakkebø

Også bilbransjen har oppdaga Martin. Måleri blir stilt ut på messer og i salshallar.

Kunsten blir spreidd gjennom sosiale medium. Instagram og TikTok er kanalane Martin brukar.

«Det beste er å sjå at det blir bra. At eg får det til. Det er ei god kjensle når ein har site ei veke i strekk.»

Martin Bakkebø

«Målet er å skape noko som ser heilt ekte ut og kan forvekslast med eit foto. »

Martin Bakkebø

«Det er vanskeleg å gje seg. Det kan aldri bli bra nok. Eg er ikkje ei kopimaskin, eg er kun ein mann med pensel.»

Martin Bakkebø

Draumen er å kjøpe ei Porsche 911 GT3. Umogleg for ein vanleg student, men ikkje for kunstaren Martin.

Men å kalle seg kunstnar sitt langt inne for sunnmøringen.

«- Det er litt rart, eg veit ikkje korleis det er å vere kunstnar. Eg kjenner ingen kunstnarar. »

Martin Bakkebø

Men Martin må kanskje bli van med det.

Bil-kunstaren.