Eldre ektepar hamna i bratt skråning

Eit eldre ektepar er lettare skadd etter at bilen dei sat i, hamna utfor vegen i Fjørå i Norddal.

Bil av vegen i Fjørå

Brannkorps og ambulansepersonell er på staden. Politiet er på veg.

Foto: Odin Jæger

Bilen rulla ned ei bratt skråning og hamna nede ved ei elv, ikkje langt unna gamleskulen i bygda.

– Det eldre ekteparet som køyrde av vegen er lettare skadd eller uskadd, seier operasjonsleiar Johan Arnt Overøye til NRK.

Politiet måtte vente på ferje

Naudetatane rykka ut til ulukka i Fjørå like før klokka 21 tysdag kveld.

Brannkorps og ambulansepersonell er på staden, og det er desse som opplyser om at skadane på paret ikkje er alvorlege.

Politiet har enno ikkje kome til staden på grunn av ei ferje.

Såg ambulansehelikopteret

Ottar Inge Ytterli bur rett ved der ulukka skjedde, men var ikkje merksam på kva som hadde skjedd før etter ei stund.

– Eg var ute og kika etter hjort, men merka ingenting før eg såg eit ambulansehelikopter over bygda, fortel han.

Ifølgje Ytterli såg det ut som helikopteret sleit med å finne staden for ulukka før ambulansen kom til.

– Då såg eg brannkorps og ambulanse og det heile. Eg fekk ein real støkk då eg såg kva som hadde skjedd, før eg fekk vite at det hadde gått høveleg bra med dei som sat inni bilen, seier han til NRK.