Hopp til innhold

– Dette dott.no er rett og slett irriterande

Det offentlege informerer via Internett. Ein vesentleg del av befolkninga kan gå glipp av informasjon.

Eldre som ikkje brukar internett risikerer å gå glipp av viktig informasjon. På eldresenteret er den gode gamle oppslagstavla framleis den beste informasjonskanalen.

Bergljot Muren er blant dei som irriterer seg over alt snakket om Internett. Ho likar ikkje at radio og TV-stasjonar viser til at dei kan få meir informasjon på Internett, noko ho ikkje har tilgang til.

Det er desember, den største brannmånaden i året. Det er høgsesong også for å informere om branntryggleik. Og mange eldre ønskjer informasjon om korleis dei skal te seg for å hindre brann. Då hjelper det lite om all informasjon blir formidla berre via Internett.

Else Mari Slagnes

Else Mari Slagnes fortel at ho ikkje har Internett. Ho får best informasjon gjennom plakatar på seniorsenteret.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Ida Skothaug

Ida Skothaug er leiar for aktivisering og velferdstenester i Ålesund kommune.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Eg kom til møtet fordi eg såg eit oppslag i heisa. Der finn eg informasjon om alt som skal gå føre seg, seier Else Mari Slagnes. Vi finn henne på Klipra seniorsenter i Ålesund.

Ho er langt frå åleine om å finne seg informasjon på «gamlemåten». I ei undersøking går det fram at berre to av 75 hadde funne informasjon om aktivitetar på nettsidene til Ålesund kommune. Undersøkinga heiter «Brukerundersøkelse om informasjon om seniorsentrene».

Over 21 % av dei som blei spurt fekk informasjon gjennom oppslagstavler. Når 15 prosent fekk informasjon gjennom å snakke med vener og kjende. Undersøkinga viser at annonser i lokalpressa betyr mykje. 1,1 prosent forklarte at dei hadde fått informasjonen via Internett.

Dei eldre har ikkje brukt Internett gjennom arbeidet sitt særleg lenge. Dei er rett og slett ikkje der. Det er ikkje Internett som er den naturlege staden å finne informasjon på for dei, seier Ida Skothaug, leiar for aktivisering og velferdstenester i Ålesund kommune.

Fleire av dei vi møter på Klipra seniorsenter i Ålesund forklarar at dei ikkje har Internett. Og mange fortel at dei rett og slett går glipp av informasjon. Og nokre opplever alt snakket om Internett som rett og slett irriterande.

Når eg skal følgje med i eit program på TV, då seier dei ofte at vi finn resten på dott.no. Det er rett og slett irriterande. For eg har jo ikkje sånne Internett-greier, seier Bergljot Muren.

Dermed står ho i fare for å gå glipp av informasjon. Og ho seier at ho svært gjerne ønskjer å få tak i denne informasjonen, som dei på TV og i radio fortel ligg på Internett.

Eg vil jo vite. Og då blir eg jo irritert, rett og slett, seier ho.

No tek blant andre Ålesund kommune følgjene av at ikkje alle har like stor tilgang på Internett. Planane for informasjon skal verte betre.

Vi må få ut informasjonen på ein betre måte. Men vi må også få ut at mykje av informasjonen ligg på Internett, seier Ida Skothaug.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL