Hopp til innhold

– Eg trudde eg skulle døy i Spania

Aldri før har nordmenn blitt så ofte sjuke på tur. Ein av grunnane er at eldre er meir på reisefot. Olbjørg Fremmerlid (85) vart så dårlig i Spania at ho frykta at ho ikkje ville kome heim i live. No har ho fått skrekken og torer ikkje reise meir.

Olbjørg Fremmerlid

Då Olbjørg Fremmerlid var i Spania saman med barn og barnebarn fekk ho ein kraftig luftvegsinfeksjon og hjarteflimmer.

Foto: privat

På tur til Spania

Familien samla ved middagsbordet under Spaniaturen. Ikkje lenge etterpå vart Olbjørg sjuk.

Foto: privat

Ein kjekk ferietur nærma seg slutten. I ei lita veke hadde Olbjørg Fremmerlid frå Skodje vore på Solgården i Spania saman med den næraste familien, for å feira dottera sin 50-årsdag.

Morgonen før avreise vakna ho med ei kjensle av å ikkje få puste. Ho hadde følt seg litt tungpusta då ho skulle gå trapper under opphaldet, men tenkte det var varmen som gjorde det.

– Familien ringte etter lege og ambulanse. Eg var livredd og trudde at eg skulle døy, fortel Olbjørg.

Sendt til sjukehus

Olbjørg Fremmerlid

Olbjørg Fremmerlid er glad for at det gjekk så bra då ho vart alvorleg sjuk. Sjølv trudde ho at ho ikkje ville kome heim til Noreg i live.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I dag er ho på kjøpesenter saman med yngstesonen Magne. 85-åringen vert fort sliten og må ofte sette seg ned. Magne Fremmerlid hadde akkurat reist frå Spania då mora vart dårleg. Han berre snudde i døra heime i Noreg og bestilte ny billett for å vere saman med Olbjørg på det private sjukehuset i Alicante. Det viste seg at ho hadde ein kraftig luftvegsinfeksjon og hjarteflimmer.

– Eg fekk ikkje puste skikkeleg og pulsen var veldig høg, forklarer 85-åringen, som har 9 barnebarn og 17 oldebarn. Ho er glad i å reise utanlands og er ikkje åleine om det.

Dreg på eksotiske reiser

Stadig fleire dreg eldre på utanlandsturar, samstundes som talet på reiseskader aukar. Seniorane er overrepresenterte på statistikken over sjukdom og ulukker. Held trenden fram vil forsikringsselskapa vurdere om eldre må betale meir for å forsikre seg.

Harald Hollerud er toppsjef i Europeiske.

Harald Hollerud seier at dersom trenden held fram med at fleire eldre reiser og vert sjuke, må forsikringsbransjen vurdere om denne gruppa skal betale meir for forsikring.

Foto: Europeiske

Det er ein høgare risiko for at dei eldre skal bli sjuke. Berre stresset på flyplassen og ein lang flytur kan vere ei belastning, seier Harald Hollerud. Han er direktør i Europeiske Reiseforsikring og ser at samstundes som fleire eldre reiser, dreg dei også til meir eksotiske strøk og er borte i fleire dagar.

I 2009 stod eldre over 70 år står for 30 prosent av utbetalingane. Det flest vert ramma av er lungebetennelse, hjerte og karsjukdommar og brotskadar.

Dyrare å forsikre seg

– Vi har eit fellesskapsprinsipp i forsikringa slik at alle betalar det same. Men dersom trenden held fram med at stadig fleire eldre reiser og vert sjuke, må vi vurdere om dei skal betale meir og prisast i tråd med den risikoen dei representerer, seier Hollerud.

Han synest det er positivt at pensjonistar har så stor reiseglede og vil ikkje frarå folk å legge ut på tur. Men enkelte kan tenkje seg betre om. Han har opplevd tilfelle av folk som har vore sjuke før turen og likevel reist.

– Vi ser at enkelte burde heldt seg heime og dermed unngått store risikoar, seier Hollerud. Han meiner det ikkje finst ei øvre aldersgrense for å dra på utanlandstur, men utgangspunktet må vere at ein er frisk.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Hadde forsikring

Olbjørg og Magne Fremmerlid

Olbjørg er på handletur saman med sonen Magne Fremmerlid. Han har hus i Spania, men Olbjørg har fått skrekken og torer ikkje reise.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I over ei veke låg Olbjørg og Magne på spansk sjukehus, før forma var såpass at legane turte å sende henne heim. Sunnmørskvinna følte at ho vart godt ivareteken på sjukehuset, men er glad for at sonen kunne vere der saman med henne og omsetje det legane og sjukepleiarane sa.

– Hadde eg ikkje hatt reiseforsikring, tør eg ikkje tenkje på kor stor rekninga hadde blitt, seier Olbjørg.

På isolat

På heimreise hadde ho seks seter i flyet frå Spania til København og ein eigen lege som var med for å passe henne. Olbjørg hadde store pustevanskar og måtte ha oksygen under flyreisa. Turen vidare frå Danmark til Ålesund gjekk i eige ambulansefly.

– Eg vil så gjerne reise tilbake til Spania, men det torer eg ikkje. Eg har fått skrekken, seier Olbjørg. Ho låg ei veke på isolat på sjukehuset i Ålesund før ho endeleg fekk dra heim.

Lekkasje i hjarteklaffen

Heilt sidan den dagen for sju år sidan at ho vakna i senga i Spania, har Olbjørg hatt problem med helsa. 85-åringen har ein lekkasje i hjarteklaffen, som gjer at ho har lite energi. Fem gongar før har ho vore i Spania, og no når sonen Magne har kjøpt seg hus der, kunne ho gjerne tenkt seg å dra på besøk. I staden får dei to kose seg heime på Sunnmøre med potetball på kafe.

–Ein bør vere frisk for å dra på tur, seier Olbjørg.

Saknar sola

Ho forstår at mange eldre dreg utanlands, men meiner at det er viktig å kjenne på forma før ein legg ut på lange reiser. Sjølv synest ho at det må vere greitt dersom forsikringsselskapa aukar prisen for dei eldre som har størst risiko for å verte sjuke. Sjølv nøyer ho seg med å drøyme og lengte etter sola i Spania.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Bestemor dreg til Middelhavet

Ulrik Olsen

Ulrik Olsen er lege ved det norske legesenteret på Gran Canaria. Han behandlar mange av dei eldre som oppheld seg i Spania i vinterhalvåret.

Foto: privat

Spania er eit av dei ynda reisemålet for pensjonistar. Kanariøyane, dei andre landa rundt Middelhavet og storbyturar, er også favorittar. Det seier Rolf Forsdahl som er reiselivsdirektør i Virke. Reiselivsbransjen ser at dagens 70-åringar reiser like mykje som dei i 50-åra. Etter 75 årsalderen minkar likevel reiselysta.

– Seniorane er nysgjerrige og leikelystne. Dei vil ut i verda og oppleve, seier Forsdahl.

Han trur dei eldre tenker mindre på at det skal vere att arv til generasjonane som kjem etter, og difor brukar pengane på drøymeturen. Ikkje alle tenkjer på kva slags helsevesen dei møter på reisene.

Gløymer at dei er utanlands

Det norske legesenteret på Gran Canaria

Det norske legesenteret på Gran Canaria får inn mange pasientar som trur dei har same rettar som i Noreg.

Foto: privat

Mange nordmenn i utlandet trur at dei har same rettar som i heimlandet når dei vert sjuke. Dei vert sjokkert over at dei må betale alt sjølv dersom det ikkje er akutt sjukdom.

– Forbausande mange gløymer at dei er i Spania og at dei må betale alt sjølv, seier lege Ulrik Olsen.

Han jobbar ved det norske legesenteret på Gran Canaria, Centro Médico del Mar. Der merkar dei godt at norske pensjonistar har blitt meir glade i å reise. Dei fleste av pasientane er langtidsferierande som er der mellom to og seks månader. Mange har fleire diagnosar og går på mykje medisinar. Men reiseforsikringa dekkjer berre akutt sjukdom, og ikkje kroniske lidingar.

– Mange pasientar trur at vi har avtale med NAV. Då må dei heller oppsøkje det offentlege legesenteret, seier Olsen.

Urealistiske forventingar

Legen møter mange som har urealistiske forventningar til hjelpeapparatet. Det mest ekstreme tilfellet han kjem på er ein mann med døgnbasert tilsyn i heimen, som trudde at han kunne kome til Spania å få same hjelp utan å betale for det sjølv. Men Olsen synest det er positivt at eldre flyktar til varmare klima.

– Utan desse opphalda i varmen trur eg mange eldre ikkje ville ha vore i live i dag, seier Olsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL