Hopp til innhold

Eldgamle DNA fram i lyset

Forskarar skal no bevise at stamfaren til det engelske kongehuset er ein sunnmørsk vikinghøvding.

DNA modell
Foto: ScanstockFoto

Gange Rolv

Historia til Gange Rolv, sunnmøringen som blei greve i Normandie i Frankrike, skal no dokumenterast ved hjelp av gentestar.

Historia fortel at Gange Rolv blei bannlyst av kong Harlad Hårfagre på slutten av år 800, og måtte flykte frå Noreg. Etter ei lang sjøreise etablerte han seg i Normandie, der blei han kalla Rollo.

Ein av etterkomarane hans, Wilhelm Erobreren, blei konge i England då han vann slaget i Hasting i 1066.

Gentest

No vil forskarar bevise at Gange Rolv er den same som Rollo. I Danmark er det ei vanleg oppfatning at Rollo er dansk.

No vil forskarar genteste 2. og 3. generasjon av Rollo sine etterkomarar. Dei er bevart i eit krypt i Fèchamp.

Sturla Ellingsvåg

Sturla Ellingsvåg

Sturla Ellingsen i Stiftinga Explico på Larsnes i Sande kommune er med på gentestinga, og han er spent.

-Vi må bruke DNA som eit verktøy i historieforskinga. Totalt skal fem ulike professorar tolke resultata.

Dei skal finne ut om Rollo var dansk eller norsk.

Gentestane vi kunne bevise at Rollo stamma frå Nordvestlandet og dermed stadfeste sagaen om familieforholda til kongehuset i England.

- Det blir spennande å sjå kva vi finn, avsluttar Sturla Ellingsvåg i stiftinga EXPLICO.