Eldforbod i Giske, Haram og Ålesund

Brannvesenet innfører totalforbod mot å gjere opp eld utandørs i kommunane Giske, Haram og Ålesund frå 24. april. Dei siste dagane har dei rykt ut til fleire gras- og lyngbrannar i Møre og Romsdal.

– Det er så tørt i vegetasjonen at all bruk av eld i naturen representerer ein brannfare, uttalar brannsjef i Ålesund, Geir Thorsen.

Brannsjef Geir Thorsen i Ålesund
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK