Hopp til innhold

Elbåt på Geirangerfjorden

Selskapet bak verdas første null-utslepps passasjerbåt i sitt slag, meiner det berre er eit tidspørsmål før eit liknande fartøy kjem i drift på Geirangerfjorden. The Fjords, som består av selskapa Fjord1 og Flåm AS, sette for kort tid sidan den elektriske passasjerbåten "Future of The Fjords" inn på Nærøyfjorden, og driv ferja mellom Hellesylt og Geiranger. Dagleg leiar Rolv Sandvik i The Fjords stadfestar at dei jobbar med planar for el-båt på Geirangerfjorden.

Future of The Fjords
Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL