Hopp til innhold

El-bilane inntek turistmagneten Geiranger

12 små grøne el-bilar skal gi turistane i Geiranger ei unik og ny oppleving i sommar.

El-bilar i Geiranger

Det byrjar å verte grønt i Geiranger og grønare kan det verte, for no har bygda fått fleire nye el-bilar til turistane.

Grønt til turistane

No satsar selskapet eMobility Geiranger på at el-bilane kan gi heilårlege arbeidsplassar og at det skal verte enklare for turistane å kome seg rundt i bygda og opp på utkiksplassane.

– Desse små, rare køyretya skal vi leige ut til turistane og dei får også med seg audioguiding, seier dagleg leiar Tomas Bakken.

Ein får ein følelese av å køyre go-kart når ein manøvrerer den vesle el-bilen oppover svingane i Geiranger.

– Bilen er litt stiv, men han ligg godt på vegen, fortel Bakken fornøgd idet han prøvekøyrer nysatsinga.

Miljøvennleg

Håpet med el-bilane er at verdsarven kan framstå meir miljøvennleg.

– Utan at vi skal prøve å frelse verken oss sjølve eller andre, så prøver vi å gjere ein liten del for miljøet.

Ove Skylstad, som er dagleg leiar i destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen, trur tilbodet kjem til å slå an hos turistane.

– Dette er eit artig nytt tilskot. Eg trur dette kan vekkje interesse!