Ekstremvêret «Hans» er venta å treffe Møre og Romsdal frå i ettermiddag.
Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen seier dei overvakar vegane og at dei har låg terskel for å stenge strekningar der nedbør kan føre til skader.
– Vår førsteprioritet er å sørge for at det er trygt for folk å ferdast på fylkesvegane våre. Vi vil ikkje ha trafikantar på utsette vegar når det verste vêret sett inn, seier han.
NVE åtvarar om overfløymingar, erosjon og jord- og flaumskred.
Særleg Sunndal, men også Surnadal, Rauma, Stranda, Fjord og Molde kan få mykje regn ifølgje varsom.no.
Sunndal
Ei av dei kommunane som har førebudd seg er Sunndal. I juli var kommunen delt i to på grunn av eit jordras, og no kan det skje igjen.
Garden til Erling Snøva og Ida Ranheim Sæter på Snøva fekk store skadar sist, no fryktar dei ei ny runde med øydeleggingar.
Gardbrukar Erling Snøva ville først ikkje evakuere. – Du høyrer det, og det tek om lag 15 min før eit ras kjem ned frå fjellet til garden. Det er tid til å kome seg unna.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK– Det spørst kor det treffer og kor fort det kjem. Om det kjem det som meldast, da trur eg det blir utriveleg på garden her ja, seier Snøva.
Dagen i dag starta med at politiet og kommunen anbefalte dei å evakuere. I ettermiddag gav politiet dei ein frist til klokka 20.30 med å reise frå garden.
– Det er helt greitt å evakuere no som natta kjem. Då har ein ikkje like god kontroll om det skulle kome eit ras, seier Snøva.
Han fortel at garden deira er spesielt utsett for skred.
– Det har vore sånn frå tidenes morgon. Sånn er det, og sånn kjem det til å vere til fjella er flate, seier gardbrukaren.
Garden på Snøva fekk store skadar i juli. Markane blei dekt av ras og massar frå skred.
Foto: Erling SnøvaOrdførar Ståle Refstie (Ap) seier dei har diskutert kva som skal skje med dei to gardane på Snøva som blei råka av fleire stein- og jordras i juli og hatt dialog med dei som bur der gjennom dagen.
– Kommunen har anbefalt evakuering, og vi er glade for at det no skjer. Bakgrunnen er at NVE har anbefalt at ingen skal opphalde seg der under slike vêrtilhøve. Vollane som skal stoppe ras er også øydelagde.
Molde
Molde kommune har sett krisestab og førebur seg på jord- og flaumskred.
Kommunen opplyser at fylkesvegen, som er parallellvegen til hovudvegen gjennom Vistdal, kan bli stengt på kort varsel.
I tillegg er den kommunale vegen i Meringdal i Eresfjord framleis stengt etter steinrasa sist søndag. Dei som er i dalen blir rådde til å reise der ifrå. Hytteeigarar blir direkte kontakta.
Joakim Lange utafor garden i Vistdal.
Foto: Roar Strøm / NRK– Det er ein veldig spesiell situasjon.
Det seier gardbrukar Joakim Lange, som mista fleire landbruksområde i rasa som gjekk i Vistdal i slutten av juli.
– Det er 15–20 mål som er dekt av stein. Det er eit stort oppryddingsarbeid igjen.
Sånn ser det ut i Vistdal mandag 7. august etter rasa som gjekk i slutten av juli.
Måndag formiddag har det byrja regne, men det er ikkje teikn til styrtregn enda.
– Eg håper og trur at det ikkje skjer igjen. Vi er veldig uheldige om det går ras igjen.
– Kjem du og familien til å evakuere?
– Det kan hende. Dersom det blir stort og vi føler oss utrygge gjer vi nok det, seier Lange.
Stranda
I Stranda kommune har kriseleiinga gått ut med ei sterk oppmoding til cruiseoperatørane i Geiranger og Hellesylt.
– Vi har bedt dei avgrense aktiviteten så langt som det er mogleg. Aller helst ønskjer vi ikkje folk verken på vegane eller i terrenget desse to dagane, så lenge situasjonen er som den er.
Geiranger 7. august. Fleire cruiseturistar har komen til bygda.
Foto: geirangerfjord.no/WEBKAMERADet seier ordførar Jan Ove Tryggestad. Dei sende ut melding til operatørane søndag kveld. Han understrekar at det ikkje er akutt fare, men dei vil vere føre var.
– Vi har sett kva som skjedde i Romsdal. Jordskred i dette terrenget kan ha fatale følger, i tillegg til at det kan stenge vegane fysisk. Vi prøvar å varsle folk på ein ryddig måte, og håper flest mogleg tar omsyn.
Det kan vere opptil 15.000 menneske i Geiranger sentrum på ein god sommardag, seier ordføraren – til vanleg bur det i overkant av 200 innbyggjarar der.
– Politiet er i Geiranger med sine sommarpatruljar. Vi har bedt politiet sørge for at de er på plass både i dag og i morgon.
Surnadal
– Vi håpar jo at det skal gå bra, men er førebudde på at det kan skje alvorlege situasjonar, seier ordførar i Surnadal, Margrethe Svinvik.
Kommunen har tett samarbeid med nabokommunen Rindal, som ligg i same dalføre. I går kveld hadde dei møte med beredskapsleiinga i kommunen, som består av ordføraren, varaordføraren og administrasjonen.
– Vi har mannskap på jobb i kommunen, og oversikt over utstyr. I tillegg er frivillige organisasjonar som Røde Kors og Sanitetsforeninga klare til å hjelpe til, seier ho.
Klokka kvart over tre skal dei ha eit nytt beredskapsmøte med Rindal, som skal ha møte med statsforvaltaren i Trøndelag klokka 14.
Rauma
Ordførar i Rauma, Yvonne Wold, oppmodar befolkninga til å førebu seg på ekstremvêret.
– Reinsk takrenner, avløp og sluk. Fjern kvist i bekkane slik at vatnet renn slik det skal. Det er òg lurt at folk førebur seg på straumbrot og at vegar kan bli stengd, seier ho.
Ordføraren ber folk om å melde frå til kommunen dersom dei ser tette stikkrenner. Dei legg fortløpande ut informasjon på sine egne nettsider.
– Gjeld det liv og helse, må folk ringe politi eller brannvesen, seier ho.
Fjord
I Fjord kommune har dei har hatt fleire møter, både i går og i dag. Dei følgjer nøye med på vêrmeldingane og informasjon frå Statsforvalteren.
– Driftspersonell er ute og ser over grøfter, slukar og bekkar. Dei har spesielt fokus på dei kommunale vegane og bustadfelta.
Det seier ordførar Eva Hove. Ho seier dei ikkje veit korleis dette vil utvikle seg, men er parat og klare til å sette i gang ytterlegare tiltak om det blir nødvendig.