Hopp til innhold

– Fråfall i skulen eit alvorleg samfunnsproblem

Ifølgje Venstre-politikaren Gunn Berit Gjerde er fråfallet i skulen er eit av dei mest alvorlege samfunnsproblema i vår tid.

Frafall i videregående skole
Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Så mange unge sluttar i skulen før dei er ferdig, at Gunn Berit Gjerde (V) fekk med seg Utdanningsutvalet på at dei skal ha ein eigen temadag om fråfallet.

Så mykje som 32 prosent av elevane droppar ut av den vidaregåande skulen, viser tal frå Høgskulen i Hedmark og tala er høgast for yrkesfaga.

Gunn Berit Gjerde

Gunn Berit Gjerde (V) meiner fråfallet i skulen er svært alvorleg.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Dette uroar politikarane. Gjerde er ikkje sikker på kvifor fråfallet er så stort.

Har ikkje knekt koden

Fleire har vore kjend med at fråfallet aukar, men få veit kva som faktisk må gjerast for å stoppe utviklinga.

– Vi må knekke koden for å så finne ut kva vi skal gjere med det, seier ho, og legg til at ho trur fråfallet kan skuldast for dårleg rådgiving og oppfølging.

Gjerde seier også at enkelte bør kanskje ikkje gå på vidaregåande skule, men heller kome seg rett ut i arbeid.

– Ungdommane må få gjere noko som dei syns er meiningsfullt.

Fråfallet er størst på yrkesfag, der 54 prosent av gutane ikkje fullfører i løpet av fem år. Blant jentene er det 39 prosent som ikkje fullfører.

– Skulen sitt ansvar

Ho seier også at mange fell ifrå når dei ikkje får lærlingplass i ei bedrift, men på skulen i staden. Gjerde fortel at ho vil at alle dei gode kreftene bør spele på lag for å få til dette.

– Er det skulen som må ta ansvaret for elevane som hoppar av?

– Det er skulen sitt ansvar å gjere elevane klare for vidare utdanning eller arbeidslivet. Men vi må spele på lag med blant anna heimane deira og ungdomsskulen, seier Gjerde.