Hopp til innhold

Ekstraordinært styremøte avslutta på grunn av telefonstøy

Styret i Helse Møre og Romsdal møtes straks no i eit lukka og ekstraordinært styremøte. For mykje støy frå utanforståande gjorde at det ikkje var mogleg å halde fram telefonmøtet som starta klokka 11.

Helse Møre og Romsdal administrasjonsbygg styre
Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Klokka 11.16: fleire hevdar det ikkje er mogleg å gjennomføre styremøtet. Blir sendt ut ny invitasjon umiddelbart, der berre styremedlemene får tilgang.

Styret i Helse Møre og Romsdal møtes no i eit lukka telefonmøte, for å vurdere korvidt vedtaket om bygginga av det nye sjukehuset i Møre og Romsdal er lovleg.

Styret kalte først inn til eit ope telefonmøte, der ei rekkje journalistar og privatfolk deltok men etter kort tid måtte styreleiaren avslutte møtet på grunn av støy.

Her er loggen

Klokka 11: styremedlemene prøvar å kople seg opp.

Klokka 11.04: styreleiar Dag Kinserdal seier det blir sendt ut ei pressemelding etter møtet.

Klokka 11.06: Kinserdal ønskjer alle velkomne. Seier det er spesielt å kalle inn laurdag kveld, og så ha styremøte klokka 11. Seier dei i dag skal offentlege mail-utveksling mellom han og avgått direktør Astrid Eidsvik.

Klokka 11.10: ingen merknader til saksinnkalling og møteplan.

Klokka 11.11: teknisk plunder.

Klokka 11.13: nokon seier at det ikkje er mogleg å gjennomføre møtet, fordi det er så mykje støy. Kinderdal foreslår å lukke møtet fordi det ikkje er mogleg å høyre og snakke samanhengande.

Klokka 11.14: Konst. direktør Hårstad seier at det er kome krav om innsyn i epost-korrespondansen mellom Eidsvik og leiinga. Dette er no vurdert, og epostane blir offentlege.

Klokka 11.15: Gjentek at folk må slå av mikrofonane, for at det skal vere mogleg å gjennomføre møtet.

Hevdar innkalling er problematisk

Helse Møre og Romsdal kalte laurdag kveld inn til ekstraordinært styremøte klokka 11 søndag, for å vurdere om vedtaket om å leggje det nye sjukehuset til Molde er lovleg.

Leiaren for nordmørsordførarar og -rådmenn, Ingunn Golmen, meiner møtetidspunktet er problematisk, og hevdar det gjer det vanskelegare for ålmenta å følgje med.

Konst. adm. dir. Dag Hårstad avviser at tidspunktet og måten er valt for å gjere det vanskelegare å følgje med.