Hopp til innhold

Ekstraordinært skilsmissemøte

I dag har Ålesund kommune eit ekstraordinært kommunestyremøte, der dei skal bestemme seg for framdrifta av arbeidet med skilsmissa med Haram. Mellom anna skal dei ta stilling til om dei skal stoppe prosessen. Årsaka er at det framleis er uklart når og kor mykje pengar kommunen får frå regjeringa for arbeidet med å dele kommunane igjen. Kommunen har rekna ut at den treng 237 millionar kroner for dette arbeidet, og fryktar at kommunebudsjettet ikkje blir godkjent dersom pengane ikkje kjem snart.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL