NRK Meny

Ekstra million til miljøsenteret

I alternativt statsbudsjett for 2018 foreslår SV å auke løyvinga til Runde miljøsenter med 1 million kroner. Senteret kan bli ramma av store kutt til forsking og utvikling i økonomiplanen til fylkeskommunen. Møre og Romsdal SV argumenterer i ei pressemelding med at vi treng meir kunnskap om havet, både for natur- og ressursforvaltning, energiutnytting og næringsutvikling.

Runde miljøsenter
Foto: Gunhild Sætre / NRK