Hopp til innhold

Ekstra midlar til idrettslag i Ålesund

Ålesund kommune får i overkant av 730.000 kroner ekstra til idrettslaga i kommunen. Det melder Ålesund idrettsråd i ei pressemelding.

Regjeringa deler ut totalt 125 millionar kroner til idrettslag rundt omkring i landet. Pengane skal gå til arbeid med inkludering av born og unge i aldersgruppa 6–19 år.

Ålesund idrettsråd har valt å fordele direkte til idrettslaga basert på medlemstal i aldersgruppa.

– Vi i idrettsrådet håper midlane kjem godt med og at det kan bidra til å at enno fleire får oppleve samhald og meistring gjennom gode idrettsopplevingar, seier leiar i Ålesund Idrettsråd, Gjermund Kvernmo Langset.