Hopp til innhold

Ekstra avgangar Sølsnes-Åfarnes

I samband med cupfinalen reknar Fjord1 med at det er ekstra mange som er på veg heim i kveld. Det blir difor sett inn ekstra turar i sambandet Sølsnes-Åfarnes i natt. Det kjem til å gå ferjer så lenge det er behov for det, opplyser ferjeselskapet på sine nettsider.