Hopp til innhold

Eksportør kritiserer fiskeforsking

Ein av landets største fiskeeksportørar etterlyser meir realisme i fiskeforskinga. –Mi kjensle er at dei fleste rapportane hamnar i ein skuff, hevdar Knut Haagensen i eksportbedrifta Jangaard Export AS.

Knut Haagensen i Jangaard Export AS

Knut Haagensen i Jangaard Export etterlyser meir forsking på teknologi som kan hjelpe fiskerinæringa vidare.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Breisida mot forskingsmiljøet kjem i eit lesarinnlegg i Sunnmørsposten i dag. Haagensen er produksjonsansvarleg i Ålesundsbedrifta som er ein av landets største aktørar innan eksport av klippfisk.

I sommar har fleire forskarar peikt på at norsk sjømatnæring må ha meir fokus på vidareforedling av produkt. Dei siste åra har norsk klippfisk tapt marknadsdelar i Brasil, som er ein av dei viktigste marknadene for denne eksporten.

Haagensen viser til at volumet av norsk eksport er det same som før, sjølv om marknadselane er lågare. Mellom anna har det blitt hevda at norske produsentar bør satse meir på ferdigrettar enn i dag, fordi marknaden etterspør slike produkt.

Viktig med forsking

Klippfisk

Norge eksporterer klippfisk til mellom andre Portugal og Brasil.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Haagensen seier det er svært viktig med forsking, men meiner fokus må endrast. Han vil ha mindre fokus på overordna problemstillingar og meir på konkrete utfordringar næringa står over for.

–Mitt inntrykk er at det blir forska for mykje på kva vi bør gjere og litt for lite på korleis, seier han til NRK.

–Rapportar hamnar i ein skuff

Kvart år betalar fiskeindustrien inn om lag 200 millionar kroner til eit forskingsfond. Haagensen meiner desse pengane burde spreiast mindre ut over og heller gå til forsking på tekniske og praktiske løysingar som kan løfte industrien.

-Eg ser ingen grunn til at vi ikkje for eksempel skulle ha løyst problemet med lus på laks for desse summane, dersom det blei satsa konkret på det, meiner Haagensen.

–Kor mykje nytte har de av denne forskinga i ettertid?

–Min kjensle er at dette er rapportar som ofte hamnar i ein skuff. Jangaard betalar inn fire millionar kroner i året, dette er pengar vi kunne ha brukt sjølve og fått eit mykje meir konkret resultat.

Vil ha forskingssentre i nord og sør

Han meiner løysinga ligg i å etablere forskingssentre i nord og sør for å teste ut prototypar og produksjonslinjer.

–I dag frå vi ikkje lov til å betale meir enn halvparten av kostnadene for ein prototype. Dermed må produsentane ta ein stor risiko for å utvilke eit nytt produkt. Vi må få lov til å betale det det kostar og så må det forskast og testast slik at produktet når markanden, seier Haagensen til NRK.

Avviser kritikken

Direktør i Fiskeri- og havbruksnæringas Forskingsfond, Geir Andreassen, seier til Sunnmørsposten at dei prioriterer det meste av pengane frå fiskerisektoren nettopp til teknologiutvikling. Han seier til avisa at han likevel kan forstå at Haagensen opplever at forskarane slår inn opne dører når det blir forska på marknadene.

Andreassen viser vidare til at dei har satsa konkret på utvikling av ny teknologi etter råd frå mellom andre Haagensen.

–Dei prioriteringane vi har tatt er komne som resultat av Haagensen sitt arbeid hos oss der han vore med i ei faggruppe på dette området, seier Andreassen til Sunnmørsposten.

Det har ikkje lukkast NRK å få ytterlegare kommentarar frå Andreassen tysdag føremiddag.