Ekspertane vakar over fjellet Mannen i natt

Ekspertane overvakar fjellet Mannen i Romsdal frå time til time i natt. Store nedbørsmengder kan utløyse skredet som alle no ventar på.

Horgheim

Ekspertane vakar over fjellet Mannen sjølv om mørket fell på. Det sørgar avanserte radarar for.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Det kan bli ei søvnlaus natt for ekspertane som overvakar utviklinga i fjellet Mannen. Ein radar sørgar for data kvar einaste time gjennom natta, og desse blir nøye studerte for å kunne varsle eit skred i tide.

– Vi les av resultata fortløpande kvar time gjennom natta, seier geolog Einar Anda.

Seks geologar på vakt i natt

Einar Anda

Geolog Einar Anda seier dei les av resultata kvar time i natt, og har fem geologar i beredskap dersom det skjer noko spesielt.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / nrk

Måndag kveld var han på vakt på Åknes-Tafjord beredskapssenter. Kvart minutt gjennom natta følgjer ein vaken geolog med på utviklinga, fem andre er i beredskap dersom det skjer noko spesielt. Det har aldri skjedd før.

– Dette er ekstraordinær vaktordning, vi er på full beredskap no, seier Anda til NRK.

Ventar på resultatet av regnet

Det store spenningsmomentet i natt er det varsla regnet som er venta over fjellet Mannen. Det vil truleg setje fart igjen i rørslene i fjellet, og kanskje utløyse det venta skredet.

– Etter den akselerasjonen vi hadde sist natt, ventar vi vel eigentleg berre på at den skal auke på igjen, når nedbøren kjem inn, seier sjefgeolog Lars Harald Blikra. Tidlegare på kvelden sa han at fjellet no toler mindre og mindre, og at det er like før fjellet brest.

Ventar mykje regn i natt

Lars Harald Blikra

Sjefgeolog Lars Harald Blikra seier det er like før fjellet brest.

Foto: Terje Reite

Det er venta så mykje regn over Møre og Romsdal det neste døgnet, at det er sendt ut OBS-varsel. Der kjem det fram at det er venta 40–90 millimeter på 24 timar.

– Vi har sett at ti millimeter er nok til å skape ein akselerasjonsfase i fjellet, så vi er rimeleg sikre på at det vil skje ein del i løpet av natta og morgondagen, seier sjefgeolog Lars Harald Blikra.

Skal varsle politi og kommuneleiing

Mannen møte rauma

Både fagfolk og journalistar ventar på at Mannen skal rase ut. Frå ein pressebrief søndag.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Dersom geologane får data som tyder på at fjellet Mannen er i ferd med å rase ut i natt, vil politi, kommuneleiing og andre berørte bli varsla umiddelbart.

Det er eit stort pressekorps som ventar på Åndalsnes i Rauma i natt. Dei står klare til å rapportere dersom fjellet rasar ut.