Hopp til innhold

Ekspert-skepsis til Bourbon Dolphin

Stabilitetsekspert Emil Aall Dahle held fast på at Bourbon Dolphin aldri burde vore brukt som ankerhandteringsfartøy.

Under den 5. høyringa i Oslo i dag har fleire tilsette i Ulstein Verft forklart at ingenting var gale med designen av båten.

Emil Aall Dahle

Emil Aall Dahle på Bourbon Dolphin-høyringa 24.10.07

Foto: Synnøve Hole

Emil Aall Dahle er ein av landets fremste ekspertar på stabilitet, og har tidlegare overfor NRK karakterisert Bourbon Dolphin som ein steinalderbåt.

Han seier onsdag til NRK Møre og Romsdal at sjølve forliset viser at designen ikkje var god nok. - Eg vil berømme Ulstein for at dei i det heile tatt la inn ein føresetnad om ankerhandtering i stabilitetsvurderingane, men det viser iallfall for meg at båten ikkje var rett konstruert for formålet. Bourbon Dolphin hadde ikkje reservestabilitet og har ikkje klart seg i dei vanskelege forholda han var utsett for då han forliste, seier Aall Dahle.

 

Bourbon Dolphin

Bourbon Dolphin

Foto: Bourbon Offshore

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL