Hopp til innhold

Ekspertane ueinige om Langeland-prosessen: – Han har i realiteten fått eit yrkesforbod

Elin Ørjasæter seier det var rett av Høgskulen i Volda å stille kritiske spørsmål om kvifor Nils Rune Langeland fekk sparken som professor i Stavanger. Men Langeland kan ha rett i at han har fått yrkesforbod, meiner ein jusprofessor.

Ørnulf Rasmussen

Jusprofessor Ørnulf Rasmussen meiner offentlege institusjonar må trå forsiktig. Dei kan ikkje tilsette dei ein likar best, men må ta omsyn til kven som er best fagleg kvalifisert.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Nyleg kom det fram at Langeland slit med å finne seg ny jobb etter at han ufrivillig måtte slutte som professor ved Universitetet i Stavanger i fjor haust.

Nils Rune Langeland

Nils Rune Langeland meiner prosessen då han var inne til intervju hos Høgskulen i Volda viser at han har fått yrkesforbod.

Foto: Knut Falch / NTB scanpix

Mellom anna vart han først ikkje kalla inn til ein jobb som førsteamanuensis i moderne historie ved Høgskulen i Volda, sjølv om den sakkunnige komiteen meinte han var best fagleg kvalifisert.

Då han likevel fekk kome på intervju oppfatta Langeland det som eit forhøyr eller ein inkvisisjon, der han måtte svare på ei rekkje ubehagelege spørsmål om kvifor han måtte slutte i Stavanger.

– Ryddig av høgskulen

Men no seier ekspert på personalleiing, Elin Ørjasæter, at det var rett av Høgskulen i Volda å stille slike spørsmål.

Ho viser til at Langeland vart kalla inn til samtalar hos sjefane sine ved Universitetet i Stavanger svært mange gonger frå 2009 til 2017, ifølgje nettavisa Khrono, og at alle samtalane handla om upassande forhold.

Det har kome fram i media at Langeland har sendt meldingar til unge kvinner med seksuelt innhald. Ørjasæter viser også til at ein kollega på ein annan arbeidsplass har slutta i protest mot det som vart oppfatta som sjikanerande meldingar frå Langeland på Facebook.

Elin Ørjasæter

Elin Ørjasæter underviser i dag i personalleiing ved Høyskolen Kristiania og har mellom anna bakgrunn som hovudjeger og personaldirektør. Ho meiner Nils Rune Langeland ikkje har gjort det lett for seg sjølv.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

– Då er det ryddig å spørje han om dette på jobbintervju, slik at han får gitt sin eigen versjon av hendingane. Dette har Høgskulen i Volda så vidt eg forstår gjort i intervjuet. Det er profesjonelt, ikkje gale, seier Ørjasæter.

Ho meiner rett nok at det var feil av Høgskulen i Volda å ikkje kalle inn Langeland til intervju i første omgang.

Men det har blitt eit problem for Langeland at omfanget av saker som kvar for seg berre er «litt dumme» har blitt så stort, meiner Ørjasæter.

– Kan vere livsvarig yrkesforbod

Jusprofessor Ørnulf Rasmussen meiner på si side det er fleire problematiske sider ved Langeland-saka.

Langeland har ingen rettskraftig dom mot seg, og det er svært uvanleg at den som er sett på som best fagleg kvalifisert ikkje får ein jobb i det offentlege.

– Grunna tidlegare åtferd – noko han ikkje er straffa for – seier institusjonen at dei i realiteten ikkje vil ha noko med han å gjere. Då har han i realiteten fått eit yrkesforbod, seier Rasmussen.

Og legg til at yrkesforbodet også kan bli livsvarig. For blir du ute av fagmiljøet for lenge, så blir du fagleg distansert, og då kan du tape konkurransar om jobbar på faglege kriterium seinare, seier jusprofessoren.