NRK Meny
Normal

Eksotiske Volda

– Volda er litt eksotisk, i alle fall for ungdomar frå storbyar i Europa. Det er kanskje ein av dei viktigaste grunnane til at vi har ein sterk auke i talet på internasjonale studentar.

I Volda er det auke i talet på internasjonale studentar denne hausten.

Ana og Valentin er to av mange utanlandske studentar i Volda. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Det seier Arne Humberset som er leiar for internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda, HVO.

Arne Humberset, leiar for internasjonalt kontor HVO

Arne Humberset, leiar for internasjonalt kontor HVO.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ei anna viktig forklaring er at dei studentane som første har vore her gjerne kjem tilbake, i tillegg til at dei fortel sine vener og kjende om studiestaden Volda, dermed er det jungeltelegrafen som gjer sitt til at stadig fleire kjem til studentbygda. Høgskulen i Volda

Noko budsjett for å drive reklame for studieplassane på internasjonalt nivå har ikkje skulen.

Ana Robres frå Spania er tilbake i Volda no etter at ho var der som utvekslingsstudent i 2009. Etter at ho kom heim til Spania har ho praktisert som engelsklærar, men for å få fortbetra engelsken sin ønskte ho å kome tilbake til sunnmørsbygda som så kalla praksisstudent og arbeider no ved det internasjonale kontoret "Pangaia" i Volda.

Valentin Gatlan frå Romania tek mastergrad i Volda etter at han kom til studiestaden første gong. Han ønsker å lære det norske språket, noko han langt på veg alt har lukkast med. Valentin var utvekslingsstudent i Volda i 2012/13 på medieavdelinga. Etter dette var han tilbake i heimlandet og fullførte bachelorstudiet. Han kom tilbake ifjor haust for å studere norsk og er no student på masterprogrammet i dokumentar og journalistikk.

Rekordmange studentar

Humberset seier at Volda i haust har eit rekordstort tal på internasjonale studentar.

– Heile 110 nye internasjonale studentar kom til Volda i haustsemesteret 2015, noko som nesten er ei dobling frå sist haust. Totalt har HVO no om lag 230 studentar med utanlandsk statsborgarskap og desse representerer meir enn 40 nasjonalitetar, seier han.

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-bygget.

Foto: Arne Flatin / NRK

– HVO har lange tradisjonar for samarbeid med utlandet. I starten var dette arbeidet mykje basert på innsatsen til eldsjeler, medan vi dei siste åra i større grad har klart å systematisere denne satsinga. Suksessen vi ser no, er eit resultat av både det langsiktige og kortsiktige arbeidet. «Pangaia», vår internasjonale møteplass på campus, har også vore viktig for at studentane trivst så godt her, trur Humberset.

Han meiner Volda og skulen etter kvart har fått eit godt rykte på seg.

– Utveksling til HVO er veldig populært og grunnane til dette er at vi har eit godt rykte og eit stort engelskspråkleg emnetilbod. Dessutan er Volda kjend for vakker natur og gode moglegheiter for friluftslivsaktivitetar. Sjølv om Volda er ein liten stad, er det mykje som skjer her til dømes gjennom arrangement som Veka, Animation Volda, DokFilm, X2-festivalen og mange konsertar på studenthuset Rokken. Dei internasjonale studentane stiller ofte opp for desse arrangementa og tilfører mykje til studentmiljøet og lokalsamfunnet generelt.

Samtidig som Volda tek imot rekordmange studentar er det også mange av dei norske studentane i Volda som tek eit eller fleire semester i utlandet.

– Dei internasjonale studentane på høgskulen tilfører eit anna perspektiv i undervisninga og vi håpar at dei også skal inspirere fleire av våre lokale studentar til å reise på utveksling til utlandet, seier Arne Humberset.

Pangaia, kontor for utanlandske studentar i Volda

Pangaia, kontor for utanlandske studentar i Volda.

Foto: Arne Flatin / NRK