Her står munnleg eksamen i fare

10.-klassingane på Søre Sunnmøre risikerer å ikkje få ta munnleg eksamen. Sensorane vil ikkje stille opp.

Eksamen

Lærarane ved Ytre Herøy ungdomsskule vil ikkje vere sensorar under munnleg eksamen. (Illustrasjonsbilde)

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Dei sju kommunane Volda, Ørsta, Herøy, Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven har lang tradisjon for å samarbeide om å utveksle sensorar.

Problemet er at nesten ingen i Herøy har meldt seg til jobben i år. Dermed kan det bli sensormangel i dei andre kommunane og vanskeleg å avvikle eksamen.

– Normalt plar Herøy stille med 12–13 sensorar til andre kommunar. I år har vi berre to-tre, seier Sølvi Lillebø Remøy. Ho er skulesjef i Herøy.

Demonstrerer mot arbeidstidsforslag

Ingen frå den største skulen i kommunen, Ytre Herøy ungdomsskule, ynskjer å stille som sensor. Dei grunngir det med at diskusjonen om lærarane si arbeidstid gjer dei demotiverte.

KS foreslår at lærarane skal påleggast å jobbe meir i elevane sin sommarferie.

– Det er frivillig om ein vil vere sensor. KS sitt forslag til arbeidstidsavtale er årsaka til frustrasjonen, seier Ludolf Skjelbostad. Han er leiar i Utdanningsforbundet i Herøy.

Applauderer engasjement

Han understrekar at forbundet ikkje står bak denne aksjonen.

– Eg applauderer lærarane sitt engasjement, men vi som fagleg organisasjon vil heller reagere på andre måtar, seier Skjelbostad.

Han håper at saka vil løyse seg når KS kjem til fornuft slik at elevane får ta eksamen.

Kan ikkje gi pålegg

Under ein munnleg eksamen er kravet at sensor skal vere ekstern. Det vil seie at det er ein sensor utanfrå skulen. Dermed er alle skulane avhengig av å samarbeide med kvarandre. Men skulesjefen kan ikkje pålegge lærarane å stille som sensorar.

– Eg kan pålegge dei arbeid internt i kommunen, men ikkje at dei skal stille opp i andre kommunar, seier Sølvi Lillebø Remøy.

For at alle elevane skal få ta eksamen, må anten andre kommunar stille opp med fleire sensorar, eller kvar enkelt sensor som har meldt seg må jobbe i fleire dagar.

– Eg hadde ynskt at lærarane hadde venta med eventuelle reaksjonar til ein såg korleis tarifforhandlingane gjekk, seier Sølvi Lillebø Remøy.

NRK anbefaler

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.