Ekornes stoppar distribusjon
Møbelkonsernet Ekornes vel å stoppe all distribusjonen av møblar til Russland og Kviterussland. Det skriv selskapet i eit innlegg på Facebook. – Vi er djupt triste over situasjonen i Ukraina og korleis det påverkar folk sine liv, sikkerheit og fridom, skriv dei. Møbelprodusenten i Sykkylven er Nord-Europas største.