Hopp til innhold

Får språkkurs tilpassa skiftarbeid

Stor mangel på arbeidskraft har gjort at industrien har måtte tilsette mange som ikkje kan norsk språk. I møbelindustrien har eit nytt samarbeid løyst språkfloken.

Iuliia Kravchenko ved Ekornes.

SYDAME: Iuliia Kravchenko syr trekk i stoff og skinn til møblar. Ho jobbar kveldsskift. Tidlegare var det vanskeleg å kombinere med å gå på norskkurs.

Foto: Sissel Burnstad / NRK

– Sjefen min snakkar norsk. Kollegaane snakkar norsk. Eg må forstå dei om eg skal klare jobben, seier Iuliia Kravchenko på gebrokkent norsk.

Ho kjem frå Ukraina, og jobbar med å sy trekk til Stressless-lenestolar ved Ekornes sin fabrikk i Sykkylven på Sunnmøre.

Snart to år med koronatiltak har ført til eit rush av oppussing og fornying. Norske møbelfabrikkar merkar trykket frå heile verda.

Tilpassa språkopplæring

Ekornes er den største møbelprodusenten i Nord-Europa. Den siste tida har dei tilsett rekordmange. No har dei arbeidarar med 43 ulike morsmål.

Per Kjetil Våtmyr, Ekornes.

NØGD: Per Kjetil Våtmyr er produksjonssjef ved møbelfabrikken Ekornes i Sykkylven. Han er svært glad for dei nye samarbeidet med vaksenopplæringa.

Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK

Eit krav på fabrikken er at alle skal kunne norsk på nivå A2.

– Vi ser helst at dei kan det før dei startar. Men på grunn av mangel på folk, så har vi no tilsett mange som må ha norskopplæring ved sidan av arbeidet, seier produksjonssjef Per Kjetil Våtmyr.

På fabrikken er arbeidarane delt i to skift. Det gjorde at skule og jobb blei vanskeleg å kombinere.

– Halvparten kom seg aldri på kurs på kveldstid. Derfor bestemte vi oss for at vi måtte tilpasse oss til skiftordninga på fabrikken, seier leiar for vaksenopplæringa i Sykkylven Solgun Welle.

Sidan har fleire bedrifter blitt med på ordninga, som gir industriarbeidarar moglegheit til å oppfylle språkkravet, sjølv om dei er i full jobb.

Leiar for vaksenopplæringa i Sykkylven Solgun Welle.

SPRÅKOPPLÆRING: Solgun Welle er leiar for vaksenopplæringa i Sykkylven. Dei har tilpassa sine språkkurs

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Nøkkel til integrering

Arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik (Ap) rosar samarbeidet.

Portrett av Hadia Tajik

GLAD: Arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik vart glad for å høyre om det nye samarbeidet som sørgjer for at folk som jobbar skift kan få ta språkkurs.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Dette blei eg så glad for å høyre at eg fekk lyst til å springe ut og kjøpe meg ein stressless med éin gong!

Den nye regjeringa har lova at dei vil satse meir på språkopplæring. Tajik seier ho vil gå gjennom tilbodet for arbeidarar for å sikre at alle får moglegheita til dette.

Arbeid er ein nøkkel til integrering i samfunnet. Då må ein kunne norsk og ha, eller kunne skaffe seg, den kompetansen som er etterspurt, seier Tajik

Vaksenopplæringa i Sykkylven.

FRÅ MANGE LAND: I klasserommet på vaksenopplæringa i Sykkylven lærer industriarbeidarar frå over 40 nasjonar norsk språk.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Vil bu i Noreg

Produksjonssjef Per Kjetil Våtmyr hos Ekornes peikar på at språket er viktig for at arbeidsstokken skal vere stabil. Alle på fabrikken er fast tilsette.

– Vi brukar mykje tid på opplæring, og vil ikkje ha gjennomtrekk av folk. Språket gjer at arbeidarane trivst betre også på fritida. Dei kan følgje opp barna på skulen og kjem lettare inn i lokalsamfunnet, seier Våtmyr.

Det kjenner Iuliia Kravchenko seg igjen i.

– Eg og familien vil bu her i Sykkylven. Då må eg kunne snakke med naboen, seier ho.

Iuliia Kravchenko ved Ekornes.

JOBBRETTA: I tillegg til vanlege skulebøker, har industriarbeidarane fått hefte med bilde av reiskapen som dei nyttar i arbeidet. Iuliia Kravchenko jobbar på syavdelinga, så ho har bilde av syutstyr merka med norske namn.

Språkopplæring

JOBBRETTA: I tillegg til vanlege skulebøker, har industriarbeidarane fått hefte med bilde av reiskapen som dei nyttar i arbeidet. Iuliia Kravchenko jobbar på syavdelinga, så ho har bilde av syutstyr merka med norske namn.